Syklist i Uno-X-drakt intervjues av presse etter et ritt. Han holder en flaske og har på hjelm. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
BRUSAR: Søren Wærenskjold og Uno-X feirar etappesiger med brus. Foto: TIM DE WAELE / POOL,NTB

– Dei har begynt å sjå negative konsekvensar av at dei et veldig, veldig mykje sukker.

Det seier NRKs sykkelekspert Øivind Lukkedal.

Sykkelrittet som går føre seg over tre veker handlar nærast i like stor grad om å få i seg nok næring, som det å sykle fort. Nokon har strekt det så langt som at dette har blitt ein ernæringskonkurranse.

Syklist i feltet har energigel i munnen mens han sykler. Han er ikledd sykkeltrøye med åpen glidelås. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
GEL: Maxim Van Gills med ein energigel i munnen. Bildet er brukt som illustrasjon, og blei tatt under Critérium du Dauphiné i fjor. Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / AFP,NTB

– Når ein har «fuela» veldig mykje, så sit ein igjen med ei kjensle om at ein har eit belegg på tennene av sukker. Så det har hendt at eg pussar tennene etter økt, fordi du har ei kjensle av at dette ikkje er bra, seier Uno-X-ryttaren Tobias Halland Johannessen til NRK.

Han står i sola med kvite tenner og smiler breitt i utkanten av Genève. Ryttarane er på den andre og siste kviledagen på rittet som fordeler seg over 23 dagar.

– Må rett og slett pusse tennene oftare

26-åringen fleipar først med at han har tannlegeskrekk, men litt seinare innrømmer han at det er ein snev av sanning i det. Det enorme sukkerinntaket har han fått eit bevisst forhold til.

– Talet på kaloriar vi fortærer med sukker er heilt ekstremt. Hadde det vore eit stort problem kunne eg ikkje drive på med det her, seier Halland Johannessen.

PUSS PUSS: Etter mil på mil med sukker tar brørne Halland Johannessen fram tannkostane. Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Tvillingbroren, Anders Halland Johannessen, er av same oppfatning.

– Karrieren er kanskje 10–15 år, men tennene skal du ha resten av livet. Dei bruker vi kvar dag, og det kjem du til å gjere resten av livet. Så det er greitt å ta vare på dei, seier han.

Energigels er eit fast innslag på sykkelsetet – fleire gonger dagleg.

Desse er proppa full med blant anna sukker, som skal gi ryttarane energi både på kort og på lang sikt. Sportsdrikk i flaska, energigels på baklomma og sukkerhaldige barar. Det er gjennomgangsmelodien når feltet syklar seg gjennom Frankrike.

Alberto Contador med energibarer.
SVOLTEN: Alberto Contador med fleire energibarar allereie i 2010. Foto: JOEL SAGET / AFP,NTB

– Det er ikkje spesielt bra for tennene. Dei må jo vere veldig klar over tannhelse, seier NRK-eksperten Lukkedal.

No er tannpussen og bevisstheita rundt tannhelsa blitt ekstra viktig.

Dette seier tannlegen

– Eg trur det er noko som kjem til å kome meir og meir i fokus no. Dei må rett og slett pusse tennene oftare enn vi som et vanleg mat, seier Lukkedal.

Leverandørar av dei sukkerhaldige godbitane har også begynt å ta grep.

For å skåne tennene, har dei begynt å auke pH-verdiane for at han skal bli likare verdien i munnhòla. Dersom ein inntar for mykje sukker over tid, kan dette svekke tannemaljen.

Syklister i felt på landevei under et ritt. En rytter i rødt drikker fra en flaske. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
PÅFYLL: Alexander Kristoff har fått ein pose med påfyll i 2024. Foto: Daniel Cole / AP,NTB

Sponsoren til Uno-X-laget, som står for energigelane og sportsdrikken, er blant dei som har tilpassa pH-verdien på produkta sine.

– Kva skjer når ryttarane sit på sykkelen i mange timar, og det er påfyll med sukker?

– Då vil vi få høg sukkertid som over tid vil skade tennene. Tennene våre er ganske motstandsdyktige, så skaden skjer ikkje dersom det blir gjort éin gong iblant, men det er det daglege inntaket som kan skade tennene. Over ein lengre periode vil skadane på tennene kome, seier Bayar Korkosh som jobbar for Blid Tannlege på Majorstua.

Han rosar grepa som har blitt tatt frå leverandørane. For å ta vare på tannhelsa rår han ryttarane til å skylje munnen etter dagar der sukkerinntaket er høgt.

– Det hjelper ikkje å pusse tennene idet dei kjem i mål?

– Etter eit langt ritt med sportsdrikker og energiprodukt kan det vere lurt å skylje munnen med vatn først og vente litt før ein pussar på grunn av syreeksponering. Tannpuss er viktig, men kan ikkje aleine vege opp for mange timar med kontinuerleg inntak av sukker.

En mann i brun tannlegeuniform som smiler.
ROS: Bayar Korkosh gir ros til syklistane som gjer tiltak etter det store sukkerinntaket. Foto: Blid Tannlege

– Det viktigaste ryttarane kan gjere for å verne tennene er å skylje munnen med vatn jamleg og avgrense den totale tida tennene blir utsette for sukker og syre, seier Korkosh.

– Tannlegen er stort sett fornøgd

Akkurat oppskrifta med å skylje tennene, følger lagkameraten til tvillingbrørne, Jonas Abrahamsen.

– Eg pussar jo tennene både dag og kveld, og prøver å drikke litt etter at eg har ete på sykkelen. Men ein får i seg dobbelt så mykje – eller kanskje tre–fire gonger så mykje – sukker som ein vanleg person, så det er jo ekstrem belastning på tennene, seier Abrahamsen.

Han er spent på korleis det blir å stå til med tennene når han bikkar 60–70 år.

Syklist med gul hjelm og speilbriller foran en oransje bakgrunn. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
INNBITE: Jonas Abrahamsen håpar tennene er i god behald også om 60-70 år. Foto: MARCO BERTORELLO / AFP,NTB

Tilbake til Tobias Halland Johannessen, med tannlegeskrekk, så håpar han på å få null hol ved neste tannlegesjekk.

– Eg har ikkje hatt så mange hol, og tannlegen er stort sett fornøgd, så det viser at det er mogleg å halde det godt ved like sjølv om vi et så mykje, seier han.