Ulukke riksveg 9 i Setesdals.
Ulukka skjedde ved Bjørnarå som ligg mellom Bykle og Valle i Setesdal. Foto: Johs Bjørkeli

Ein personbil og ein lastebil er involvert i ulukka.

Politiet melde om ulukka kl 17.02.

– Det framstår som ei alvorleg ulukke, seier Tone Lise Erikstad, operasjonsleiar ved Agder politidistrikt.

NRK snakka med politiet kl 17.10 måndag.

Møteulukke

Ifølgje politiet er det snakk om ei møteulukke i Bykle kommune i Setesdal. Det skal vere tre personar i personbilen.

Truleg har personbilen kome over i motsett køyrefelt.

Ein person er frakta til sjukehus med luftambulanse. Ifølgje politiet er ingen av dei involverte livstruande skadd.

To personar er køyrt i ambulanse til sjukehuset. Dei er ifølgje politiet å ansjå som lettare skadd.

Politiet har avgjort å beslaglegge førarkortet til føraren av personbilen.

Føraren av lastebilen blei undersøkt av helsepersonell på staden. Han trengde ikkje vidare oppfølging.

Medvitne

Riksveg 9 blei stengt i begge retningar etter ulukka. Kl 18.40 opplyste politiet at vegen er opna i ei retning. Trafikken blir no dirigert forbi staden.

Naudetatane kom til ulukkesstaden kl 17.22. Då var alle dei fire involverte medvitne.

Naudetatane avslutta arbeidet på staden like før kl 20.30. Då overtok bilbergar sikring av ulukkesstaden. Trafikken blir dirigert forbi staden fram til lastebilen blir berga.

Riksveg 9 går mellom og Kristiansand og Haukeligrend. Den er ei av hovudfartsårene i Agder.