Et redningshelikopter lander på helikopterdekket ved Haukeland universitetssjukehus. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
HAUKELAND: Ein person blei frakta med luftambulanse til Haukeland sjukehus i Bergen. Foto: NRK

Like etter klokka 18.00 søndag kveld meldte politiet om ei trafikkulykke på Folkestad i Volda.

Det er to personar involvert i ulykka, og den eine er blei frakta til Haukeland universitetssjukehus i Bergen med luftambulanse.

– Den eine personen vurderte vi til å sende med luftambulanse til Haukeland, seier operasjonsleiar i politiet, Mona Kvernberg.

I ei oppdatering klokka 19. 21 opplyste ho at personen er alvorleg skadd.

Den andre personen blei frakta med ambulanse til sjukehus.

Måndag morgon er det inga oppdateringar på helsetilstanden til dei involverte, opplyser politiet.

Hamna utanfor køyretøy

Fylkesvegen, der ulykka har skjedd har vore stengt, men opna igjen søndag kveld.

– Politiet avsluttar sine undersøkingar på staden, skriv Mona Kvernberg i politiet klokka 21.17.

Ho forklarer at køyretøyet, eit terrengkøyretøy, skal ha køyrd ned ein traktorveg og hamna i ei grøft. Ein av dei to trafikantane skal då ha hamna utanfor køyretøyet.

Bilbergar har henta køyretøyet.

Det var eitt involvert køyretøy, og operasjonsleiaren i politiet kunne ikkje seie noko om kva dei trur er årsaka til ulykka.