– Fleire gongar tok han meg med ut frå cella til eit privat rom. Der begynte han å snakke om kor fin eg var og kor fin kropp eg hadde.
Det seier «Anne» om kontakten ho hadde med ein tilsett i politiet i Trondheim.
– Etter at han hadde gjort det gjentatte gongar, fekk han tak i meg på sosiale medium og sende upassande meldingar til meg der.
Kontakten starta då Anne var i slutten av tenåra, medan mannen var over dobbelt så gammal som ho.
Anne er ikkje hennar eigentlege namn, men ho ønsker å vere anonym i frykt for kva konsekvensar det kan få for ho å stå fram.
NRK har fått innsyn i delar av samtaleloggen på Messenger mellom mannen og Anne. Fleire gongar har den tilsette i politiet forsøkt å ringe ho. Alle gongane på kveldstid.
– Gjentatte gongar ringde han meg på videosamtale. Han var upassande og intens, legg ho til.
Mannen jobbar ikkje lenger i politiet og skriv i ei tekstmelding til NRK at han ikkje har nokon kommentar til saka.
Politiet seier saka har blitt tatt på alvor, men presiserer at avgangen til mannen ikkje er knytt til denne saka.
Samstundes var det fleire ting politiet ikkje var klar over før NRK tok kontakt om Anne sine opplevingar. Politiet varsla difor Spesialeininga for politisaker som no etterforskar saka.
«Julie» svelta seg og skar namnet til mannen inn i huda
– Han var veldig påtrengande
Anne seier at ho tidleg hamna i eit miljø der dei gjorde småkriminelle handlingar og at ho fleire gongar var i kontakt med politiet og hamna i arresten i Trondheim.
– Då var det ein person som tok kontakt med meg, kvar gong eg var i arresten. Han viste meir og meir interesse for meg.
Ho fortel vidare at dersom ho hamna i arresten og han ikkje var på jobb, ringde kollegaar til han.
– Då kom han ned til stasjonen på fritida si, fordi han ville oppsøke meg. Han stilte meg i ein situasjon der eg følte at eg stod i gjeld til han, fordi han meinte at han hadde gjort meg ei stor teneste.
No i ettertid fortel Anne at ho er redd for kva som kunne ha skjedd.
– Han var veldig påtrengande og heile situasjonen var veldig ubehageleg.
Fekk beskjed om at det var dårleg av ho å melde frå
På grunn av opplevingane ho har hatt i møte med politiet, seier Anne at ho har mista tillit til politiet.
– Eg har vore redd for kva som kunne ha skjedd under ei pågriping av meg.
I tillegg til den påtrengande og trakasserande mannen, fortel Anne om fleire skremmande opplevingar frå arresten.
– Fleire gongar har dei skrudd av lyset, skrudd av varmen sånn at eg låg på iskald betong, og dei tok ut madrassen og eg var der i mørket utan teppe. Det har vore vanskeleg for meg å stole på dei som har makta, seier ho.
Etter om lag eit år oppdaga foreldra til Anne meldingane frå den tilsette i politiet. Då valde foreldra å melde frå til politiet om kontakten og opplevingane hennar i arresten.
Men det skal kollegaar av den tilsette i politiet, ikkje ha likt.
– I etterkant var det fleire kollegaar av han som var forbanna over situasjonen. Når dei trefte meg i offentlegheita sa dei at det var dårleg av meg å melde frå.
Spesialeininga etterforskar saka
Politiet bekreftar til NRK at opplysingane om uønskt merksemd var kjent for dei frå tidlegare.
– Dette blei tatt på alvor, vurdert til å ikkje vere akseptabelt og derfor følgt opp med den tilsette med ein gong vi blei kjent med det.
Det seier påtaleleiar i Trøndelag politidistrikt, Eli Trondvold Aasland.
– Slik vi oppfatta det den gongen, så opphøyrde den uønskte åtferda, og saka blei i samråd med kvinna og hennar føresette avslutta.
Men opplysingane om forholda med madrass, teppe og lys på cella har vore ukjende for politiet, heilt til NRK tok kontakt om saka.
– Når vi no er blitt kjend med desse påstandane har vi vurdert at dei er av ein slik art at vi sender over denne til Spesialeininga for politisaker for ei vurdering.
Spesialeininga bekreftar til NRK at dei er i gang med å etterforske saka. Den tidlegare tilsette i politiet har status som mistenkt.
– Vi føretar avhøyr av fleire personar i politiet. Desse har status som vitne.
Det seier påtalefagleg etterforskingsleiar i Spesialeininga for politisaker, Tone Bysting. Ho ønsker ikkje å seie noko meir om saka, av omsyn til etterforskinga.
– Kjenner seg ikkje igjen
Advokat Tom Solberg forsvarer mannen, som no har vore i avhøyr hos Spesialeininga.
– Han kjenner seg ikkje igjen i beskrivinga. Engasjementet hans var for å få henne på eit betre spor. Han hadde berre gode hensikter, seier forsvararen.
– Kontakten har berre vore sporadisk, legg Solberg til og seier han ikkje ønsker å kommentere saka utover dette.
Frode Wisth er bistandsadvokat for Anne. Han reagerer på at politiet ikkje tok tak i saka då foreldra varsla politiet om kontakten.
– Eg tenker at politiet burde ha gått gjennom saka skikkeleg då det blei varsla, seier han.
Aasland i politiet påpeiker at ei innsetting i arresten kan vere ein krevjande situasjon for både den arresterte og dei tilsette.
– Vår erfaring og forventing er at personar som blir sett i arrest i Trondheim blir ivaretatt på ein trygg og forsvarleg måte. Vi har tilsette som er trent på og som handterer dette dagleg på ein skikkeleg måte, seier påtaleleiaren.
– Personar som blir pågripne og sett i arrest skal behandlast profesjonelt og med respekt, i tråd med retningslinjene våre, legg ho til.