avis/ber/ge v0.1.0
⌕ Søk artikler, forfattere, emneknagger… ⌘K
scraper online neste kjøring om 10 min

Skriv for å søke i artikler…

avis/ber/ge/nrk/s/1.18020549 ↩
story

Tre gutar dømde for 17. mai-vald

Tre mindreårige gutar blei torsdag dømde for vald mot ein russ i Bergen sentrum på 17. mai. Alle tre hadde tilstått. Ein video som spreidde seg på nett etter nasjonaldagen viser korleis ein 18-åring blei slått i bakken. Tre gutar slo og sparka han medan han låg nede. Denne veka måtte dei tre tenåringsgutane møta i rettsmøte . I dag har Hordaland tingrett avgitt tilståingsdommar for alle tre. To av dei er dømde til seks månader ungdomsstraff og 14.000 kroner i oppreising. Den tredje guten er dømd til 14 dagars betinga fengsel. Han må betala 3000 kroner i oppreising.

10. September 2026 kl. 10:40 (oppdatert 13:18)
Vestland Nyhetssenter Vestland

v2 · scraped 13.09 11:30 · 0 blocks · original ·

We can't find the internet

Attempting to reconnect

Something went wrong!

Attempting to reconnect