en mann som peker på en tavle
Roger Hofseth er blant landets mest profilerte oppdrettarar. Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Arbeidstilsynet meiner at dei ålesundsbaserte sjømatbedriftene har vore grovt aktlause og har skrive ut fleire uvanleg høge gebyr.

– Det er alvorlege brot på reglane om innleige og arbeidstid, plikta til å informere og halde oppsyn, seier seksjonsleiar hos Arbeidstilsynet Jens Erik Romslo.

Arbeidstilsynet seier dei har avdekka det som framstår som eit mønster hos tre selskap i Hofseth-konsernet. Arbeidarar skal også ha fått for lite betalt.

Bedriftsleiinga seier sjølve at dei trudde dei handla innanfor regelverket, men går med på å betale milliongebyra.

Storaksjon mot selskapet

I september 2024 aksjonerte a-krimsamarbeidet saman med Mattilsynet og Fiskeridirektoratet mot selskapet til ein av Noregs mest profilerte oppdrettarar.

Bilde av forberedande møte Akrim-samarbeidet aksjon i Ålesund
I september 2024 aksjonerte fleire av tilsynsetatane mot selskapet på Sunnmøre. Foto: Tor-Arne Vikingstad / NRK

Også tidlegare har det vore kontrollar mot selskapet. Samarbeidet mellom ulike tilsynsetatar vart avgjerande:

Mattilsynet sine opplysningar tilsa at ein av fabrikkane til Hofseth hadde vore i full drift, men då Arbeidstilsynet sjekka sine tal viste det seg at berre sju faste tilsette var i arbeid.

Ved full produksjon skal det nemleg vere behov for mellom 90 og 110 medarbeidarar.

Det var innleigde tilsette som heldt drifta i gang.

I 2023 vart reglane for innleige av arbeidskraft innskjerpa.

Arbeidarar skal ha fått for lite betalt

Fleire av arbeidarane i bemanningsselskapa skal også ha fått for lite betalt, og etter tilsynet fekk dei etterbetalt til saman 380.000 kroner.

Tilsynet som blei gjennomført ved Hofseth avdekte også at arbeidarar har jobba for mange timar i forhold til reglane.

Brota på arbeidstidene vert sett på som alvorlege.

Jens Erik Romslo i Arbeidstilsynet
Jens Erik Romslo i Arbeidstilsynet Foto: Tor-Arne Vikingstad / NRK

Arbeidstilsynet meiner at dei tre selskapa Hofseth Processing, Hofseth Aalesund og Hofseth AS, har drive systematisk og ulovleg innleige av arbeidskraft. Saka var fyrst omtala av IntraFish

– Vi ser at dei har forsøkt å tilpasse seg endringar i regelverket om innleige, men dette har dei ikkje lukkast med. Vi har registrert at dei også sender ulik informasjon til dei forskjellige kontrolletatane, seier Romslo.

Selskapet seier til NRK at dei har forsøkt å svare ut etter beste evne.

Kan ha spart store summar

Den profilerte forretningsmannen Roger Hofseth står bak Hofseth-konsernet.

en mann med solbriller tar seg til brystet
Roger Hofseth har bygd opp eit stor oppdretts- og foredlingskonsern på Sunnmøre, og har delteke i debattar om norsk eigarskap. Han har også vore kritisk til dei nye innleigereglane i arbeidslivet. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Arbeidstilsynet meiner at Hofseth-selskapa sparte store summar på fleksibel innleige framfor å gi arbeidarane fast tilsetting.

– Vi ser alvorleg på brot som ikkje berre svekker vernet til den enkelte arbeidstakaren, men som også svekkjer arbeidsvilkåra og konkurransen i næringa elles, seier Romslo.

Hevdar det var vanskeleg å få fast tilsette

Sjølv forklarar bedriftsleiinga at det var vanskeleg å rekruttere faste tilsette både lokalt og nasjonalt.

Dei vil ikkje stille til intervju, men HR-leiar Jan Are Remme svarer i ein e-post.

– Vi har sagt at så lenge ein er interessert og motivert for å arbeide i fiskeforedlinga vår, så skal ein få fast arbeid. Problemet har vore at for få har ønska dette, og då har innleige blitt alternativet.

Jan Are Remme i Hofseth
Jan Are Remme i Hofseth seier at selskapet har brukt juridisk ekspertise og trudde at dei var innanfor det gjeldande regelverket. Foto: TONY HALL / tony@tonyhall.no

Etter at reglane for innleige vart endra i 2023, forklarer Remme at dette skapte utfordringar for fiskeforedlingsindustrien, og at dei sette i verk fleire tiltak for å sikre nødvendig bemanning som dei vurderte var innanfor dei nye reglane.

– Vi brukte også ekstern juridisk ekspertise i desse vurderingane, skriv han.

Han seier selskapet «har som mål å drive i tråd med lovar og reglar».

– Vi tek Arbeidstilsynet sine utsegner til etterretning og forheld oss til vedtaka som er fatta.

Avhengig av å samarbeide

Fleire kontrolletatar har samarbeida med Arbeidstilsynet og delt informasjon, for å få oversikt i saka.

– Det har vore heilt avgjerande for å avdekke dei reelle faktiske tilhøva, seier Romslo.

Inspektører ved eit oppdrettsanlegg til Hofseth-konsernet
Fleire ulike etatar aksjonerte både mot oppdrettsanlegg og fabrikkar i Hofseth-konsernet i september 2024. Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Betalar – men meiner gebyret var høgt

Hofseth har ikkje vore samde i vedtaka frå Arbeidstilsynet og har klaga, men sist veke blei klagen avslått av Direktoratet for arbeidstilsynet.

Hofseth reagerte på det høge nivået på gebyra, men vil no betale.

Direktoratet peiker på at selskapa hadde samla driftsinntekter på over 3,6 milliardar kroner og samla driftsresultat på rundt 40 millionar kroner i 2025.

Navnet Hofseth montert som store bokstaver på en lys betongvegg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Hofseth driv med sjømat og har fleire selskap Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Arbeidstilsynet seier dei i dag kunne ha sett gebyret endå høgare.

– Vi hadde ikkje moglegheit til å sette gebyret høgare etter regelverket på kontrolltidspunktet, men etter dagens regelverk kunne gebyret blitt vesentleg større. Det er ei sannsynleg overvekt for at den økonomiske fordelen selskapa har hatt av regelbrota er større enn gebyra, seier seksjonsleiar Jens Erik Romslo.

Hofseth seier dei ikkje vil ta stilling til utsegna.

– Vi har ikkje grunnlag for å gjere ei slik berekning, seier Jan Are Remme i Hofseth AS.