Bildekollasj der legane Ingvild Engesæter, Cecilie Lind og Espen Seim Bjørkevoll gir tommel opp og ned.
Tre legar frå «Barnesykehuset» gir tommel opp og ned for barns aktivitetar. Foto: Lars Kristian Steen Fluge / NRK

Legane frå den populære TV-serien «Barnesykehuset» er tydelege på kva som er greitt, og kva som er fullstendig uaktuelt å tillate barna sine.

For gjennom sine unge pasientar på sjukehuset, har dei sett kor gale det kan gå.

Men heilt einige er dei ikkje.

Desse legane svarar:

Trampoline

Liten jente hopper på trampoline med sikkerhetsnett
Foto: Cornelius Poppe / NTB

Hopping og spretting med mjuk landing – bortimot det ultimate leikeapparatet?

Cecilie: Under tvil

– Barna mine fekk ikkje hoppe på trampoline utan nettsikring, dottera mi brakk faktisk handleddet på den måten. Det skjedde ein 17. mai, og ingen vil sitte på legevakta då. Så eg drog leddet på plass og la på gips heime, så tok vi røntgen og slikt seinare.

Espen: Tommel opp

– Det er ekstremt viktig for barn og unge å bevege seg, stillesitting er mykje verre enn om dei er litt galne iblant. Hopping gir god fysisk og motorisk trening, og brotskadar kan behandlast. Men det må jo ikkje vere mange barn der samtidig.

Ingvild: Tommel opp

– Vi har trampoline i hagen, men barna mine får ikkje hoppe med noko i munnen, som drops. Min store skrekk er at det skal setje seg fast i luftvegane, som jo kan bli livstrugande. Men eg håpar dei vil fortsette med hopping!

Elsparkesykkel

Vi ser beina til to personer som står på samme elsparkesykkel
Foto: Geir Olsen / NTB

Å frese rundt med vennar er jo både kult og gøy – glade barn, glade foreldre?

Cecilie: Tommel ned

– Det gjekk fint i starten, då elsparkesyklane kom, då køyrde barna mine roleg til og frå ungdomsskulen. Men eg likar ikkje utviklinga, det er jo heilt galskap no med farten og villkøyringa, plutseleg skjer det ei ulykke. Det blir så stygge skadar av det!

Espen: Tommel ned

– Der set eg foten definitivt ned til barna mine blir eldre og meir modne. Dei vil nok ikkje få lov til å køyre elsparkesykkel før dei er godt oppi ungdomsåra. Eg har sett altfor mange alvorlege skadar etter slike ulykker.

Ingvild: Under tvil

– Tja, ein må jo forhalde seg til retningslinjene, grensa er vel 12 år for privat sparkesykkel og 15–16 år når ein leiger. Vi veit at dei fleste skadane skjer med unge og vaksne, gjerne i samband med alkoholbruk.

Lett motorsykkel

Ein lett motorsykkel som står parkert på eit fortau i Bergen
Foto: Monika Blikås / NRK

Litt gøy må dei vel få ha? Flott med 16-årsgrense, så du slepp å skysse dei rundt sjølv?

Cecilie: Tommel ned

– Ting på to hjul – det skjer ikkje. Eg ser litt for mange ulykker, og må vere med og redde føter og slikt. Så lenge eg kunne bestemme, fekk ikkje barna mine ta mopedlappen. Men så blir dei jo store... no har eg ikkje stemmerett lenger.

Espen: Under tvil

– Eg har yngre barn der dette ikkje er aktuelt enno, så det er vanskeleg for meg å svare på dette no.

Ingvild: Under tvil

– Mine barn har ikkje snakka om det enno, og eg har ikkje behov for å pushe dei til det. Eg hadde jo blitt bekymra for dei i trafikken, og vore redd for at det skulle skje ei ulykke. Ein er jo mindre beskytta på lett motorsykkel enn i bil.

Stupe frå kaia

Ung mann stuper uti sjøen med hodet først.
Foto: Tore Meek / NTB

Sol, sommar og stuping frå kaia – det må vel kunne seiast å vere det gode liv?

Cecilie: Under tvil

– Eg ser litt for mange slike ulykker også, der folk stupar utan å sjekke kva som er nedi sjøen. Mine barn har stupt frå brygga heile livet der dei er kjent. Men eg masar alltid om at dei må sjekke underlaget andre plassar. Og aldri stupe uti på fest om natta!

Espen: Under tvil

– Det er greitt så lenge eg er sikker på at djupna er god nok, at dei ikkje går i botnen med hovudet først. Er barna små nok, ville eg som forelder vore sikker på det før eg lét dei stupe uti.

Ingvild: Under tvil

– Eg likar det ikkje, er nok litt nevrotisk mor der, barna må ikkje vere for tøffe. Det er særleg hopping og stuping frå klipper eg ikkje likar, kan vere tryggare ved kaia. Stuping er OK om vi veit at dei ikkje går i botnen, det må undersøkast godt først.

Primus på telttur

Mat i folie varmes opp på primus. To hender tar i pakken med aluminiumsfolie.

Kva er vel betre enn å fyre opp primusen og servere pølser og kakao på telttur?

Cecilie: Tommel ned

– Eg hatar primus i telt, både primus og tennvæske som kan eksplodere. Ein gong eg var på telttur med barna åleine, køyrde vi til Ikea og åt før vi la oss i teltet. Når min mann er med, får han sitte i eit hjørne og halde på med primus, men eg gjer det ikkje!

Espen: Tommel opp

– Eg brukar primus på telttur med mine barn. Dei er små enno, så vi gjer det slik at ein vaksen passar primusen mens den andre held barna unna. Ein skal vere bevisst farane som kan oppstå ved bruk av slike apparat.

Ingvild: Tommel opp

– Det går an å bruke primus, og ta forholdsreglar heilt til barna er godt opplært. Det har jo vore brannkatastrofar med primus, så eg synest ikkje barn skal handtere det sjølv. Dei bør vere ganske store og ha god kunnskap før dei gjer det.

Ekstremsport

En isklatrer tar seg opp en av mange frosne fosser i Rjukan.
Foto: Tore Meek / NTB

Sunn, frisk ungdom som kastar seg ut i fysiske utfordringar – det må vi vel kunne heie på?

Cecilie: Under tvil

– Ingen av mine barn driv med ekstremsport, og det er like greitt! Altså, mamma-hjartet mitt... Dei blir trekte mot action, så eg veit aldri kva dei finn på. Men det er jo mykje som går fint, så lenge dei styrer unna fallskjerm og basehopp.

Ingvild: Under tvil

– Det kjem an på kor høg risikoen er. Med god opplæring og ordna forhold går det vel greitt, så lenge dei ikkje tar seg vatn over hovudet. Elverafting, for eksempel, kan jo skje både i rolege og villare elver. Men basehopping er ikkje kjekt.

Espen: Under tvil

– Eg sit ikkje og håpar at barna mine skal begynne med ekstremsport, men eg håpar dei vil ha veldig aktive liv. Grensa mi går ved basehopping: Eg hadde kjempa hardt for at dei ikkje skulle begynne med det!