avis/ber/ge v0.1.0
⌕ Søk artikler, forfattere, emneknagger… ⌘K
scraper online neste kjøring om 10 min

Skriv for å søke i artikler…

avis/ber/ge/nrk/s/1.18028048 ↩
story

Tre personar dømd for sølvmynttjuveri

Tre personar er dømd til fengsel for grov kvitvasking av sølvmyntar, skriv Økokrim i ei pressemelding. 66.860 amerikanske sølvmyntar blei funne ved ei tilfeldigheit då politiet rykka ut til vinglete køyring i Bærum i april i fjor. Myntane er verdt minst 25 millionar kroner. Økokrim hadde samarbeida med amerikanske myndigheiter om å finne myntane sidan 2018. – Det er gledeleg at sølvet kom til rette og at dommen no har falle, slik at dei fornærma i saka i USA kan få ført tilbake verdiane dei har blitt svindla for, seier påtaleansvarleg i saka, statsadvokat Jon André Hvoslef-Eide.

17. September 2026 kl. 11:46 (oppdatert 11:50)
Stor-oslo Nyhetssenter Stor-Oslo

v1 · scraped 20.09 17:00 · 0 blocks · original ·

We can't find the internet

Attempting to reconnect

Something went wrong!

Attempting to reconnect