Tre sikta etter 17. mai-vald i Bergen
Tre personar er sikta for grov kroppskrenking etter ei valdshending i Bergen 17. mai, opplyser politiadvokat Linn Mari Søfteland til NRK. Ein person har status som mistenkt i saka. – Det står att avhøyr av den som framleis har status som mistenkt, skriv Søfteland. Valdsepisoden har fått mykje merksemd fordi han blei filma og delt både i media og på sosiale medium. Videoen viser at fire mindreårige gutar slår og sparkar ein blåruss. Politiet har avhøyrt dei tre sikta, den fornærma og to vitne. Søfteland ønskjer ikkje å gå i detalj på kva som har skjedd før videoen startar. – Ut frå forklaringane så skjer det noko før videoen startar. Det er ulike forklaringar på opptakta til valden både frå fornærma, vitne og mistenkte, men det me ser på videoen er på ingen måte greitt.