Fleire personar sparkar og slår ein gut som ligg på bakken.
Russen får mellom anna spark mot hovudet.
Dette viser ein video frå Bergen 17. mai, som har blitt delt på sosiale medium.
No opplever dei mindreårige gutane som blir peika ut på videoen, både hets og trugslar.
Politiet og forsvarar reagerer.
Har løyvd ut dusør
Onsdag skreiv BA at nokon har løyvd dusør i samband med saka, noko politiet var tydeleg på at ikkje var ønskeleg. Dei bad folk ha tillit til at politiet sjølv ordnar opp.
Politiadvokat Linn Marie Søfteland stadfester til NRK at politiet er kjende med at dei mistenkte i saka har blitt utsette for trugslar.
– Eg har registrert at det har kome ein del rasistiske utsegner i kommentarfelt.
Politiadvokaten seier ho forstår at folk reagerer på valden, men minner om at hatefulle ytringar er straffbart:
– Ein kan seie ganske mykje innafor ytringsfridomen, men det går ei grense. Me kan ikkje utelukka at me vil oppretta straffesak for trugslane.
Har identifisert mistenkte
Torsdag meiner politiet at dei har identifisert to av dei mistenkte i saka, og seier at dei reknar med at dei snarleg finn ut kven dei siste er.
Politiadvokat Søfteland seier at dei mistenkte er mindreårige og at dei ikkje er særleg godt kjende for politiet frå før.
– Veit de om dei involverte kjende kvarandre?
– Det ser ikkje slik ut, men er sjølvsagt noko me undersøkjer nærare, seier Søfteland.
Fortel om drapstrugslar
Torsdag kveld blei ein av dei mistenkte gutuene avhøyrd av politiet i Bergen.
Gutens forsvarer er advokat Jørgen Riple.
Riple reagerer sterkt på at det i sosiale medium no har blitt spreidd usladdet videoar av hendinga.
– Det er svært uheldig at nokon så tidleg går ut og medverkar til identifisering av ein mindreårig, utan at ein har heile bildet av kva som har skjedd, seier Riple og legg til:
– Dette medverkar direkte til dei trugslane klienten min nå har fått. Han oppfattar trugslane han har fått som drapstrugslar. Trugslane har vore tema i avhøyr.
Forsvararen reagerer også på at det i sosiale medium no kjem fleire alvorlege skuldingar mot hans klient og dei andre gutane.
– Min klient er ein mindreårig gut som på ingen måte er del av gjeng. Ein gut som ikkje har vore med i liknande hendingar tidlegare og som nå ikkje har sove sidan 17. mai, i frykt for tryggleiken til seg og sin familie.
Peikar på hending i forkant
Ein av skuldingane er at hendinga var uprovosert.
Det er noko guten sjølv ikkje er einig i.
– Han har forklart seg om hendinga. Han er tydeleg på at det er ei hending i forkant som gjer at denne episoden oppstod, seier Riple.
– Kva kan du seie om hendinga i forkant, slik din klient ser det?
– Eg kan ikkje gå inn i detaljane no, men klienten min har forklart at det er ei hending i forkant som vi håpar og trur politiet vil undersøke. Så får vi sjå på betydninga av den, seier Riple og legg til:
– Samtidig er det klart at han ser at ting gjekk for langt, og det er han lei seg for. Men det er viktig for han å få uttrykt at det er noko som har skjedd på førehand.
Forsvarar Riple legg til at guten per no ikkje har tatt stilling til straffskuld og at politiet per torsdag ikkje har tatt ut nokon sikting i saka.