avis/ber/ge v0.1.0
⌕ Søk artikler, forfattere, emneknagger… ⌘K
scraper online neste kjøring om 8 min

Skriv for å søke i artikler…

avis/ber/ge/nrk/s/1.18008236 ↩
story

Truls Gulowsen trekker seg som leiar i Naturvernforbundet

Bakgrunnen er at eit knapt fleirtal i Naturvernforbundet sitt landsstyre ikkje lenger har tillit til han som leiar. Gulowsen melder dette i ein post på Facebook. Han har vore leiar for organisasjonen i fem år. – Det er trist og ikkje ei avslutning eg ønska, skriv han. Gulowsen viser mellom anna til friksjon mellom han og tilsette i organisasjonen. – Fram til i dag har eg vore sikker på at arbeidsmiljøutfordringane i sekretariatet har vore morglege å løyse gjennom betre samtalar, klarare interne prosessar og etablering av ein normal tilbakemeldingskultur, skriv Gulowsen. Naturvernforbundet skal velje ny leiing på landsmøte til hausten.

30. August 2026 kl. 18:24 (oppdatert 18:38)
Nyheter

v1 · scraped 02.09 09:15 · 0 blocks · original ·

We can't find the internet

Attempting to reconnect

Something went wrong!

Attempting to reconnect