Oslo 20220430. 
Leder i Naturvernforbundet Truls Gulowsen holder appell på Eidsvolls plass under støttemarkering i Oslo for Natur og Ungdom og de lokale miljøvernerne som bruker sivil ulydighet for å hindre gruvedumping i Førdefjorden.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
NATURVERNAR: Gulowsen har markert seg i fleire natur- og miljøsaker. Her er han utanfor Stortinget i ein markering til støtte for Natur og ungdom. Foto: NTB

NRK rettar: I ein tidlegare versjon stod det at det var ei varslingssak mot Gulowsen. NRK kjenner ikkje til at det har vore eit formelt varsel, men at tilsette sa ifrå om arbeidsmiljøproblem gjennom ei undersøking i organisasjonen. Endringa blei gjort 30. august kl. 21.06.

Bakgrunnen er at eit fleirtal i Naturvernforbundet sitt landsstyre ikkje lenger har tillit til han som leiar.

Gulowsen melder dette i ein post på Facebook. Han har vore leiar for organisasjonen i fem år.

– Det er trist og ikkje ei avslutning eg ønska, skriv han.

Friksjon i organisasjonen

Gulowsen viser mellom anna til friksjon mellom han og tilsette i organisasjonen.

– Fram til i dag har eg vore sikker på at arbeidsmiljøutfordringane i sekretariatet har vore moglege å løyse gjennom betre samtalar, klarare interne prosessar og etablering av ein normal tilbakemeldingskultur, skriv han på Facebook.

Arbeidsundersøking i april

I april skreiv Aftenposten om misnøye i organisasjonen. Då var det fleire tilsette som kritiserte Gulowsen for måten han kommuniserte på. Nokre av dei tilsette skal ha opplevd han som skremmande.

Gulowsen seier til NRK at dette var tema på landsstyremøtet.

– Det har vore uro på kontoret med ein del tilsette som har vore misfornøgde med min måte å handtere ting på. Dei fekk med seg delar av landsstyret til å vere meir kritiske enn eg synest var rimeleg.

Han meiner det er vanleg at det blir friksjon mellom tilsette og tillitsvalde i ein organisasjon.

– Slik er det også i Naturvernforbundet, og det tenker eg er ein sunn dynamikk som ein bør kunne handtere på ein god måte, men som vi ikkje har klart på ein god nok måte no.

– Vore ei tydeleg stemme

Naturvernforbundet bekreftar at Truls Gulowsen går av etter eit ekstraordinært landsstyremøte om ei arbeidsmiljøsak som har vart over tid.

Pernille Bonnevie Hansen er fungerande leiar fram til ny leiar blir valt på landsmøte i november.

– Eg vil takke Truls for fem år saman i Naturvernforbundet. Han har vore ei tydeleg stemme for natur og klima, seier Hansen.

Naturvernforbundet skal etter planen velje ny leiing på landsmøte til hausten.