FORHANDLAR: Svigersonen til Donald Trump, Jared Kushner, og spesialutsending Steve Witkoff forhandlar med Iran om ein avtale som skal få slutt på krigen. Foto: Jacquelyn Martin / POOL AP,NTB

Nettavisa Axios skriv at avtalen mellom USA og Iran er på ei side og består av 14 punkt som er forhandla fram av dei amerikanske utsendingane Steve Witkoff og Jared Kushner, saman med iranske tenestemenn.

Dei har snakka med to amerikanske tenestemenn og to andre kjelder som har kjennskap til saka.

USA ventar no på svar på sentrale punkt frå Iran i løpet av 48 timar.

Ein iransk tenestemann, som ikkje er identifisert ved namn, seier til det halvstatlege iranske nyheitsbyrået Tasnim at nokre av punkta er uakseptable.

Den iranske politikaren Ebrahim Rezaei skriv på X at teksten med dei 14 punkta som Axios presenterer, er meir som ei amerikansk ønskeliste enn faktisk realitet. Det melder nyheitsbyrået Reuters.

Reuters skriv og at Israel ikkje var klar over at president Trump skal vere nær ei avtale med Iran, som kan ende både blokaden av Hormuzsundet og krigen.

Ein militær talsmann seier anonymt til Reuters at dei klar for å angripe Iran på ny.

Oljeprisen rasar

Sjølv om det ikkje er noko som er bekrefta enno, blir meldingane teke godt i mot av marknaden.

Oljeprisen rasa etter at det blei klart at ei fredsløysing kunne vere i sikte. Prisen på nordsjøolje fall onsdag frå over 108 dollar fatet til under 100 dollar.

Det er som forventa, seier Bjarne Schieldrop som er ansvarleg for råvareanalyse i SEB.

– Kvar gong oljeprisen kjem opp i 110–120 dollar, så veit vi at det kjem eitt eller anna utspel frå Det kvite huset om at dei straks er i hamn med ein fredsavtale. Og då fell sjølvsagt oljeprisen som ein stein.

Bjarne Schieldrop, sjefanalytiker for råvarer i SEB
Sjefanalytikar Bjarne Schieldrop i SEB synest det er vanskeleg å tru på meldingane som kjem om ein mogeleg avtale. Foto: SEB

Men han meiner det framleis er langt frå sikkert at det går denne gongen heller.

– Dersom det hadde vore så gode forhandlingar, og dei var så nær ei løysing, hadde det ikkje vore naudsynt for Donald Trump å utbasunere dette i det vide og breie. Då kunne han berre ha venta til dealen var eit faktum.

Eide: Grunn til optimisme

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) meiner det er grunn til å vere optimistisk med tanke på å få slutt på krigen.

Onsdag fekk han spørsmål i Stortingets spørjetime om kva Noreg gjer for å få opna Hormuzsundet for skipstrafikk igjen.

– Løysinga ligg i ein fredsavtale mellom USA og Iran. Og det er akkurat no ut som dette faktisk er innan rekkevidd. Det er det siste vi høyrer, sa han.

Espen Barth Eide iført dress og slips (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Utanriksminister Espen Barth Eide er optimistisk og har tru på ein fredsavtale. Foto: Frida Wattne Lindland / NRK

Statssekretær Andreas Kravik i Utanriksdepartementet var i Pakistan måndag og tysdag og i Oman onsdag for å ha samtalar med partane i konflikten.

– Det verkar som begge partar har ein motivasjon om å bli einige, sa Eide.

Også Pakistans statsminister Shebaz Sharif meiner det er gode utsikter for ein fredsavtale mellom landa.

– Vi er svært forhåpningsfulle om at den noverande framdrifta skal føre til ein varig avtale som sikrar haldbar fred og stabilitet for regionen og elles, skriv han på X.

Sette operasjon på pause

Meldingane kjem etter at USAs president Donald Trump sa at militæroperasjonen «Project Freedom», som har som mål å eskortere stranda skip ut av Hormuzsundet, skulle bli sett på pause i ein kort periode.

– Dette blir gjort for å vurdere om ein avtale mellom USA og Iran bli ferdigstilt og signert, skriv presidenten på Truth Social natt til onsdag.

Trump opplyste at førespurnader frå Pakistan og fleire andre land har bidrog til pausen. Presidenten skreiv at det var gjort store framsteg mot ein omfattande og endeleg avtale med Iran.

– Men blokaden av iranske hamner vil fortsette for fullt, skreiv Trump.

Et stort antall skip ligger til ankers i et hav. Skipene er av ulik størrelse, fra små tradisjonelle fartøyer til større lasteskip. I bakgrunnen sees en lang fjellkjede mot en klar himmel. Bildet gir et inntrykk av en travel ankerplass. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Mange skip har blitt liggande ved Hormuzsundet etter at både Iran og USA har blokkert sundet. Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Trump kunngjorde oppstart av «Project Freedom» søndag.

Iran har blokkert skipsfarten i Hormuzsundet, samtidig som USA har blokkert skip til og frå iranske hamner.

Kunngjeringa kom etter at USAs forsvarsminister Pete Hegseth uttalte på ein pressekonferanse tidlegare tysdag at operasjonen for å få sivile skip ut av Persiabukta er mellombels.

Det norske bilfrakteskipet «Alliance Fairfax» blei natt til måndag eskortert at det amerikanske militæret.

Rubio: «Epic Fury» er over

På ein pressekonferanse tysdag sa Rubio at operasjon «Epic Fury» er over, og at dei nåverande aksjonane for å hjelpe skip med å navigere trygt i Persiabukta ikkje er ein «offensiv operasjon».

– Dette er ikkje ein offensiv operasjon. Dette er ein defensiv operasjon. Det betyr at det ikkje blir brukt skot med mindre vi blir skotne mot først, sa Rubio.

Interessert i meir utenriks? Høyr den siste Urix-podkasten: