– Når spetakkelet nede i Midtausten begynte, så hagla det inn med avbestillingar, seier leiar Rogeir Haugen i Oldedalen skysslag.
Dei fraktar turistar opp til Briksdalsbreen, ein berømt brearm på Jostedalsbreen. I fjor hadde dei 90.000 gjestar.
Haugen viser fram ei avbestilling frå ein stor asiatisk turoperatør:
«Klientane våre uttrykker bekymring for tryggleiken på reisa», skreiv reisebyrået i grunngjevinga.
Flyplassane i Midtausten er viktige knutepunkt for verdas flytrafikk. Krigen har ført til stengde luftrom i periodar, og det har vore frykt for drivstoffmangel.
– Eg har jobba her i 40 år, og har aldri sett så store svingingar, seier Haugen.
For turist Mohammed Akhathlan frå Saudi-Arabia var det kavete å komme seg til Noreg.
– Min opphavlege flyging var kansellert. Det var ikkje enkelt å planlegge denne turen.
Avisa Fjordingen skreiv først om saka.
Færre overnattingar
Det har gått eit halvår sidan Donald Trump gav ordre om å angripe Iran.
No merkar aktørar i heile landet mindre turistar frå fjerne strøk.
NHO Reiseliv melder at talet på overnattingar har gått ned i heile landet, utanom Oslo.
– Tryggleik og føreseielegheit er svært viktig for gjestene. Vi har sett ein nedgang i talet på overnattingar samanlikna med rekordåret i fjor, seier Tobias Strandskog-Christensen i NHO Reiseliv.
Oslo er den einaste staden med vekst i overnattingar. Ulike festivalar og fotball-VM er truleg årsaka til veksten, ifølge Strandskog-Christensen.
Reise-vegringa ser ut til å gå begge vegar.
Færre nordmenn enn før reiser til land som Thailand og område i Indiahavet, ifølge Virke. Flyreiser hit går oftast via Midtausten.
– Trafikken ut frå Noreg har i større grad konsentrert seg til vestlege delar av Europa, seier bransjeleiar for reiseliv i Virke, Geir Vik.
August er superviktig
Trass ein del avbestillingar seinare i sesongen, ser 2026 ut til å bli eit bra år for bre-skyssen i Oldedalen. Trafikken henta seg kraftig opp i juli.
Dei erfarer at fleire ventar med å bestille ferien og at fleire sit på gjerdet.
– Det er uføreseieleg. Det går eigentleg frå dag til dag, veke til veke, siger Rogeir Haugen.
NHO Reiseliv håpar og trur at august blir ein betre månad for reiselivet i Noreg.
– Stadig fleire bestiller ferien sin seinare enn før, og august er den viktigaste feriemånaden i mange av våre viktigaste utanlandsmarknader. Fotball-VM har dessutan gitt Noreg ein reklameeffekt som det er umogleg å kjøpe for pengar, seier Strandskog-Christensen.