Mike Hammer ved Hydro Cressona.
UTFORDRING: Mike Hammer er sjef ved Hydro Cressona og har vore ute ei vinternatt før. Men no set Donald Trump sitt tollregime nye kjeppar i hjula for eit av Hydro sine største produksjonsanlegg. Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

– Når dei først har forsvunne, så er det veldig vanskeleg å få dei tilbake, seier Mike Hammer alvorstyngt.

Han er sjef for eitt av norske Hydro sine største produksjonsanlegg, i den vesle byen Cressona i Pennsylvania. Ein fabrikk som gir jobb til nesten 1200 personar.

Her lagar dei reisverk i aluminium til alt frå bygg, bilar, tog eller missil.

Han har fleire plansjar bak seg, når han fortel om verksemda – kor han har jobba i store deler av sitt yrkesliv.

Mike Hammer ved Hydro Cressona.
Mike Hammer har arbeida på akkurat denne fabrikken i mange år, og vore gjennom fleire eigarar. Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

– Omtrent alle bilar som er laga i USA i dag, har ein aluminiumskomponent som er produsert her, forklarer Hammer.

Akkurat det president Donald Trump ønsker seg meir av. Investeringar i meir aluminiumsproduksjon og fleire industriarbeidsplassar.

Mista storkunde

Difor har han innført ein toll på 50 prosent på all importert aluminium. Håpet er at fordi det blir så dyrt å importere, så vil det tvinge bedrifter til å setje i gang meir aluminiumsproduksjon i USA.

Men i staden fortel altså Hammer at dei som aluminiumsprodusent mistar kundar til canadiske og europeiske konkurrentar. Eller at kundar droppar aluminium til fordel for plastikk eller stål, til ein rimelegare pris.

Ein av dei største kundane dei har mista, er israelske Sodastream.

– Hydro har jo produksjonsanlegg i Noreg og andre stader i Europa. Kan ikkje dei levere til Sodastream?

– Nei. Dei har ikkje den same aluminiumspressa som vi har her, og som kan lage det Sodastream treng. Difor har vi mista dei til ein annan europeisk konkurrent, seier Hammer.

Betaler dyrt

No er også nye investeringar i fabrikken i Cressona sett på vent, som følgje av Trump sitt tollregime.

Hydro Cressona.
Fabrikken i Cressona vart bygd av Alcoa i 1942, for å produsere aluminiumskomponentar til dei allierte under andre verdskrig. Hydro tok over i 2017. Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

– Dokke mistar kundar og sit på gjerdet med tanke på nye investeringar. Trur du dette var intensjonen?

– Nei, eg trur verkeleg ikkje det. Intensjonen er å drive investeringar til USA, men det er eit langt lerret å bleike, seier Hammer.

– Det tar kanskje mellom sju og ni år å bygge eit smelteverk. Å forvente at det skal skje i løpet av dei første åra, er heilt urimeleg.

Mike Hammer ved Hydro Cressona.
Det Mike Hammer ønskjer seg meir av, er gammalt aluminium, såkalla skrap, som fabrikken kan resirkulere. USA eksporterer rundt 2 millionar tonn skrap kvart år, og ein stor kunde er Kina. Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

I mellomtida betaler næringslivet og kundar i USA dyrt for Trump sin aluminiumstoll på 50 prosent.

For Hydro i Cressona sin del, er det tre viktige grunnar til at ein har hamna her:

  • Dyr import: Anlegget resirkulerer og smelter om mykje brukt aluminium, som for eksempel gamle bilfelgar. Dette blir kalla sekundær aluminium. Men dei manglar kring 30 prosent aluminium for å lage det dei treng. 85 prosent av dette igjen, kjøper dei frå primærprodusentar i Canada. Når ein legg 50 prosent på dette, går prisane på alle aluminiumsvarene dei lagar og sel, opp.
  • Amerikansk aluminiumspris i taket: På toppen av den reine prisen for råvara aluminium, så blir det lagt på ein såkalla marknadspremie. I den ligg transportkostnader, tollsatsar og ei vurdering av tilbod og etterspurnad i den enkelte marknaden. I USA heiter den US Midwest Premium. Tollsatsen løfter difor prisen på alle aluminiumskomponentar som blir produsert i USA.
  • Toll på maskiner: Fabrikken i Cressona vart bygd i krigstid i 1942, og har hatt fleire eigarar sidan Hydro tok over i 2017. Fleire av aluminiumspressene er like gamle som fabrikken, og Hydro ønskjer å bytte dei ut. Dei nye får dei berre kjøpt frå Europa eller Kina. Nyleg har fabrikken kjøpt ei ny frå Italia, og betalt 33 millionar kroner ekstra i toll på den. Avgjerda om å kjøpe ei til frå Tyskland, kor toll gjer at dei må ut med 61 millionar kroner ekstra, er no sett på vent.

Dommen

På eit kontor fleire hundre kilometer unna, i Washington D.C., har seniorøkonom Alex Durante følgt endringane i Trump sitt tollregime tett.

Det har endra seg over 50 gongar sidan den store «frigjeringsdagen», kor presidenten stod med store tavler på eit podium.

Dommen til Durante er krystallklar.

– Det har skapt stor usikkerheit for næringslivet. Sysselsettinga har falle i industrisektoren det siste året. Det gjorde den også før tollsatsane vart innført. Men poenget er at Trump-administrasjonen sa at dei ville gjenopplive industrien, men det har vi altså ikkje sett, seier Durante.

– I staden ser vi at kostnadane aukar for bedriftene og kundane.

Mann med gult slips og blå dressjakke ser i kamera
Alex Durante er seniorøkonom ved Tax Foundation. Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Skal tollsatsane nokon gong få den effekten Trump ønskjer, så må han få med seg Kongressen og gjere dei meir eller mindre permanente, forklarer Durante. Og det tviler han sterkt på.

– Litt for aggressivt

I Cressona utgjorde eksport av varer rundt 11,7 prosent av verksemda i 2020. I 2025 hadde det talet falle til 4,1 prosent, blant anna fordi dei er utkonkurrerte som følgje av tollsatsane.

Så langt har dei klart å finne nye kundar, som fyller tomrommet. Blant anna leverer dei no mykje aluminium til dei mange datasentera som byggast i dette landet.

Eit paradoks, når nettopp dei kanskje er den største trusselen for meir aluminiumsproduksjon i USA – fordi både datasentera og eit eventuelt nytt aluminiumsverk er svært energiintensivt, og vil kjempe om den same straumen.

Men det gjer at dei tilsette NRK snakkar med i fabrikken så langt ikkje fryktar for arbeidsplassane sine. Likevel er Trump sin tollpolitikk synlege her.

Hydro Cressona.
Denne gjengen held humøret oppe. Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Anthony Bowers har vore kranoperatør her i over 12 år. Han stemte Trump til makta, men er no meir i tvil om heile prosjektet.

– Eg forstår på eit vis kva dei gjer, men eg likar ikkje måten dei gjer det på. Det er litt for aggressivt i mi bok, seier Bowers.

Anthony Bowers
– Vi brukte å sjå på nyheitene både morgon og kveld. Det gjer eg ikkje lenger. Det er ikkje nokon som vil sjå på alt det kjipe som skjer. Uansett føler eg at omtrent halvparten er løgner uansett, seier Anthony Bowers. Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Eitt stort problem

Det er ikkje berre berre å nå fram til Trump og folka hans om dagen.

Det veit Ryan Modlin og Scott Gemperline, som begge jobbar for å fremje interessene til Hydro inn i maktapparatet i hovudstaden, alt om.

Mike Hammer, Ryan Modlin og Scott Gemperline.
Mike Hammer viser både NRK, Ryan Modlin (i midten) og Scott Gemperline (til høgre) rundt i det store produksjonsanlegget. Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Dei fortel at Hydro gjerne vil bidra og investere i meir produksjon av aluminium i USA, men resirkulert – eller såkalla sekundæraluminium. Det krev for eksempel mykje mindre straum å lage.

Det er berre eitt veldig stort problem.

Trump er først og fremst interessert i «ekte vare». Det skal vere gull, stål eller primæraluminium.

I slutten av juli gjorde han til og med ei lita justering i aluminiumstollen, for å understreke akkurat dette.

Selskap som kan bevise at dei investerer, utvidar eller pussar opp primærsmelteverk i USA, må berre betale 25 og ikkje 50 prosent, dersom dei skal importere aluminium.

– Det slår ikkje feil. Når vi, eller eit anna aluminiumsselskap, møter representantar frå administrasjonen, er eitt av dei første spørsmåla vi får om vi planlegg å bygge eit primærsmelteverk, seier Modlin.

«Kom arbeidslyst og treng deg på, her skal du motstand finne», som ordtaket seier, kan ein tenke når ein høyrer om erfaringane.

– Vårt konsekvente svar er at å utvide resirkulering og produksjon av sekundæraluminium er den raskaste og mest praktiske måten å auke innanlandsk aluminiumsproduksjon på, seier Modlin.

Hydro Cressona
Foto: Ragnhild Vartdal / NRK