Donald Trump med hånden foran munnen. Han er iført mørkeblå dress og hvit skjorte med slips. I bakgrunnen er en uskarp grønn flate og en lys himmel. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Donald Trump har tru på rask avklaring i forhandlingane med Iran. Foto: Alex Brandon / AP,NTB

Trump seier laurdag kveld at det kan komme eit gjennombrot i samtalane i løpet av kort tid.

– Ein avtale er i stor grad forhandla fram, skriv presidenten i eit innlegg på det sosiale mediet Truth Social.

Trump forklarer at dei no diskuterer dei aller siste detaljane. Før freden er heilt sikker, må avtalen bli formelt godkjend av USA, Iran og dei andre landa som har vore med på forhandlingane, ifølgje presidenten.

Trump hevdar at tekstframlegget som no ligg på bordet, inneber ei opning av det viktige Hormuzstredet. Dette blir avvist av det statskontrollerte iranske nyheitsbyrået Fars, som på si side seier at Iran skal behalde kontrollen over stredet.

Til Axios seier han skal møte dei amerikanske forhandlarane seinare laurdag for å diskutere det siste avtaleforslaget som Iran har lagt fram.

Han seier at han truleg bestemmer seg før søndag om USA skal ta opp att krigen, ifølgje Axios.

Financial Times skriv at det blir forhandla om ei forlenging av våpenkvila med 60 dagar og ein avtale som kan opne for vidare forhandlingar.

– Må jobbe i helga

Laurdag kveld melder nyheitsbyrået Reuters at Iran og Pakistan har sendt eit nytt forhandlingsforslag til USA, og at eit amerikansk svar er venta i løpet av søndagen.

Presidenten vil ikkje seie noko om detaljane som ligg på bordet no, men seier det blir «betre og betre for kvar dag som går», skriv CBS News.

– Eg signerer berre ein avtale der vi får alt vi vil ha, seier han i eit telefonintervju med kanalen.

Trump varsla før helga at ikkje kan vere med i bryllaupet til sonen Donald Trump Jr. i fordi han må jobbe. Mange tolka dette som eit signal om at det er utvikling i Iran-forhandlingane.

Presidenten har også droppa planane om å spele golf på sin eigen klubb i New Jersey i helga, slik har bruker å gjere.

Han blir i staden i Washington D.C.Les også Iran om Trump: – Manøver for å kjøpe seg tid

Etter planen skal Trump ha ein telefonsamtale med leiarane av Saudi-Arabia, Qatar, Dei sameinte arabiske emirata, Egypt, Tyrkia og Pakistan seinare laurdag, opplyser ein ikkje-namngitt arabisk tenesteperson til Reuters.

Fleire hundre skip ligg innesperra i Persiabukta som følgje av krigen. Foto: Amirhosein Khorgooi/ISNA/WANA / Wana News Agency,NTB

– Intensjonsavtale

Tidlegare laurdag sa den amerikanske utanriksministeren Marco Rubio at han trur det kan vere mogeleg at den amerikanske delegasjonen greier å lande ein fredsavtale med Iran allereie laurdag.

Samtidig seier ein Esmael Baghaei, talsperson for det iranske utanriksdepartementet, at fokuset deira er å få på plass ein intensjonsavtale med USA.

Den pakistanske hærsjefen Syed Asim Munir har fredag og laurdag vore i møte i den iranske hovudstaden Teheran. Pakistan fungerer som meklar mellom landa.

Han omtalar besøket som svært utbyterikt.

Krigen i Persiabukta har vart sidan Israel og USA gjekk til angrep på Iran 28. februar. Tusenvis av menneske er drepne i angrepa.