Laurdag var USAs president Donald Trump på plass i Irland.
Der blei han tatt i mot av finansminister Simon Harries, utanriksminister Helen McEntee, USAs Irland-ambassadør Edward Walsh og Irlands USA-ambassadør Geraldine Byrne Nason.
Presidenten er i landet i samanheng med ei golfturnering, men han nytta også tida til å møte Irlands statsminister Micheál Martin og president Catherine Connolly.
Under ein pressekonferanse med statsministeren fekk Trump spørsmål frå journalistar.
– Eg ville elska å sjå eit sameint Irland, svarte presidenten på eit av spørsmåla.
– Det kjem til å skje til slutt, la han til.
Historia til Irland har vore konfliktfylt og strekker seg langt tilbake i tid.
Blodig historie
Sjølv om Irland og Nord-Irland deler same øy, er dei ikkje del av same land.
Irland er ein sjølvstendig republikk, medan Nord-Irland er ein del av Storbritannia.
Frå byrjinga av 1800-talet var Irland og Nord-Irland ein del av Storbritannia. Forholdet mellom nord og sør var konfliktfylt.
I 1919 braut det ut borgarkrig, med ønske om lausriving frå Storbritannia. Det førte til ei deling av Irland og Nord-Irland i 1921.
Men det skulle ta heile 28 år før Irland blei heilt sjølvstendig frå britane.
Sjølv om øya blei delt i to, fortsette konflikten mellom dei.
Nokon kjempa for eit sameint Irland, medan andre ønska at Nord-Irland skulle halde fram som ein del av Storbritannia.
Konflikten var svært blodig.
Over 3500 menneske blei drepne og over 47.000 skadde frå 1968 til langfredagsavtalen, også kjent som Belfastavtalen, blei inngått i 1998.
Trettiårsperioden blir omtala som «The Troubles».
Storbritannia svarar
Den amerikanske presidenten si utsegn har vekt merksemd.
– Eg er ikkje kjent med at det er fleirtal i befolkninga for ei ny folkeavstemming, og før det endrar seg, blir det ikkje halde nokon, sa ein talsmann for Storbritannias statsminister Andy Burnham onsdag.
Den irske statsministeren har foreløpig ikkje kommentert utsegna frå Trump.
– Nord-Irland si konstitusjonelle framtid vil bli avgjort av folket i Nord-Irland, ikkje frå ein kommentar frå London, Dublin eller Washington, seier Gavin Robinson, leiar for Democratic Unionist Party (DUP) i Nord-Irland.
Sjå nyheitssenteret til NRK for oppdateringar om Irland:
Kortvarig utsegn utan konsekvensar
Det er ikkje uvanleg at den amerikanske presidenten «kan lite om dei tinga han uttalar seg om», ifølge Eirik Løkke, rådgivar i tankesmia Civita.
– Trump liker å skape overskrifter, seier Løkke.
– Du kan vere heilt trygg på at Trump ikkje har lese seg opp på den irske historia, legg han til.
Presidenten si siste utsegn om Irland er berre eit av mange i rekka av overskrifter frå han.
Det er likevel lite truleg at kommentaren vil få konsekvensar for presidenten.
– Hadde det vore ein annan president kunne det hatt veldig stor betyding. Då kunne det blitt tolka som eit seriøst forsøk på å få til noko her, seier Løkke.
– Med Trump så trur eg det har blitt meir og meir slik at vi ikkje tar det på alvor. Dette er Trump som slenger ut noko, så går vi vidare. Det er veldig ofte slik verda forheld seg til han.
Løkke er også trygg på at utsegna ikkje vil ha noko effekt, men heller døy ut i det statsbesøket hans er over.
– Eg trur i liten grad at dette vil påverke forholdet mellom Irland, Storbritannia og Nord-Irland, seier han.
– Dette dominerer nyheitene i nokre timar, kanskje ein dag, så kjem Trump opp med noko anna spinnvilt som overtar.
Gjentakande blemme
Det er ikkje første gang Trump har uheldige utsegn om Irland.
I 2018 og 2019 snakka presidenten om Irland som ein del av Storbritannia.
Presidenten snakka om kor mykje han «elskar Storbritannia» då han snakka om eigedommen sin i Doonbeg. Men Doonbeg ligg i Irland, ikkje Storbritannia, skriv den irske avisa Irish Mirror.
Etter Brexit drog presidenten parallellar til grensemuren han ønskte å bygge mellom USA og Mexico, og grensa mellom Irland og Nord-Irland.
– Det gjeld for de også, med muren dykkar, grensa dykkar. Vi har ein grensesituasjon i USA og de har ein her borte, men eg høyrer at det kjem til å ordne seg veldig bra.
Det sa Trump då han i 2019 møtte tidlegare statsminister Leo Varadkar, skriv BBC.
Interessert i det som skjer i verda? Høyr podkasten til Urix: