avis/ber/ge v0.1.0
⌕ Søk artikler, forfattere, emneknagger… ⌘K
scraper online neste kjøring om 13 min

Skriv for å søke i artikler…

avis/ber/ge/nrk/s/1.18051868 ↩
story

Trump: Hevdar energi-våpenkvile mellom Russland og Ukraina

USAs president Donald Trump hevdar at Russland og Ukraina er einige om våpenkvile for energisektoren. Det kjem etter at Trump har sagt at Ukraina må stoppe angrepa på russiske oljeinstallasjonar og bedt Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj om å gå av. – Ukraina er klar til å slutte å angripe russiske oljeraffineri om Russland sluttar å angripe infrastrukturen vår, sa Zelenskyj tidlegare søndag. Trump har nyleg inngått ein avtale om å kjøpe diesel frå Russland. Trump har tidlegare gjort det tydeleg at han misliker at Ukraina ikkje har gått med på å stanse angrepa mot russisk energiinfrastruktur. Zelenskyj seier til nettstaden Axios at han ikkje visste om energivåpenkvila, men er villig til å gå med på avtalen om Russland også gjer det. Russland har så langt ikkje kommentert utsegna til Trump.

11. October 2026 kl. 14:20 (oppdatert 14:53)
Nyheter Donald Trump Krigen i Ukraina

v2 · scraped 14.10 19:00 · 0 blocks · original ·

We can't find the internet

Attempting to reconnect

Something went wrong!

Attempting to reconnect