Ifølgje det libanesiske statlege nyheitsbyrået NNA heldt israelsk artilleri fram med å skyta mot område i Sør-Libanon etter at våpenkvila tredde i kraft torsdag.

Det melder nyheitsbyrået Reuters.

Samstundes skuldar det libanesiske militæret Israel for å ha brote våpenkvila, skriv nyheitsbyrået.

Våpenkvila tredde formelt i kraft klokka 23 torsdag norsk tid.

Ifølge NNA skal det ha vorte skote med artilleri etter dette. Israel har ikkje kommentert meldingane om artilleri-eld.

Men det israelske militæret har styrkar ståande sør i Libanon, sjølv om våpenkvila har tredd i kraft, skriv The Times of Israel.

Rett etter at våpenkvila tredde i kraft, melde nyheitsbyrået Reuters også om at det var høyrd skot i Beirut.

– 10 dagars våpenkvile

Israel og Libanon har vorte einige om ei våpenkvile i ti dagar, ifølge den amerikanske presidenten Donald Trump.

Han skreiv påTruth Social torsdag at våpenkvila skulle tre i kraft klokka 23 norsk tid.

Seinare torsdag sa Trump også at Hizbollah er ein del av våpenkvileavtalen. Hizbollah har ikkje stadfesta det.

Skjermbilde av Donald Trump sin post i sosiale medier
Donald Trump kunngjorde våpenkvila på sitt eige sosiale medium.Faksimile: Skjermdump fra Truth Social

Trump: – Båe sider vil sjå fred

Trump har og skrive òg at han vil invitera statsminister Benjamin Netanyahu og president Joseph Aoun til Det kvite hus.

– Båe sider vil sjå FRED, og eg trur på at det vil skje, FORT! skriv Trump.

Han skriv ikkje noko om når møtet vil skje. Seinare torsdag seier han til fleire medium at møtet kan skje innan ei veke eller to.

Ifølge det libanesiske helsedepartementet er nærmare 2200 menneske drepne i israelske åtak sidan 2. mars. I tillegg er over 7000 såra og over 1 million drivne på flukt.

Berre torsdag er minst sju drepne og 33 såra i eit israelsk åtak mot byen Ghazieh, opplyser helsedepartementet ifølge AFP.

Det har òg kome meldingar om åtak nord i Israel torsdag kveld. Det er førebels ikkje meldt om nokre skadde.

– Våpenkvile eit nøkkelkrav

Den libanesiske statsministeren Nawaf Salam seier han ynsker våpenkvila velkomen.

– Det er eit nøkkelkrav frå Libanon som me har forfylgt sidan den fyrste dagen av krigen, seier han ifølge AFP.

Netanyahu, derimot, seier deira nøkkelkrav er at Hizbollah skal verta oppløyst.

– Me har ein moglegheit til å inngå ei historisk avtale med Libanon, seier Netanyahu i ei utsegn.

Han seier òg at Israel vil bli verande i Libanon med «ei omfattande tryggingssone» mot grensa til Syria.

Benjamin Netanyahu i dress smiler, bak ham står Donald Trump og ser ut som om han roper. I bakgrunnen det israelske og det amerikanske flagget.
Israels statsminister Benjamin Netanyahu har vore på besøk i Det kvite hus fleire gonger. Neste gong kan det vera at han får selskap av den libanesiske presidenten Joseph Aoun. Foto: Evan Vucci / AP,NTB

Hizbollah ikkje med i samtalene

Hizbollah har ikkje vore med i samtalene om våpenkvile.

Dei fekk vita om ei mogleg våpenkvile frå den iranske ambassadøren til Libanon, sa talsperson Hassan Fadlallah til Reuters få minutt før meldinga frå Trump.

Då sa han at ei eventuell våpenkvile ville vera eit resultat av «Irans diplomatiske arbeid», skriv nyheitsbyrået.

Om Hizbollah også vil forplikta seg til våpenkvila, kjem an på om Israel stoppar åtaka sine, seier Fadlallah.

– Ei våpenkvile må ikkje tillata at Israel fritt kan bevega seg innanfor Libanons grenser, heiter det i ei utsegn frå Hizbollah sitert av Reuters.

Enorme grå røykskyer på himmelen, i forgrunnen noen boligblokker
Israel gjennomførte torsdag åtak mot landsbyen Kfar Tibnit sør i Libanon. Foto: ABBAS FAKIH / AFP,NTB

Korleis Hizbollah vil reagera på våpenkvila, avheng av kven som står bak ho. Det trur Rabeh Dandalsy, administrerande direktør for forskingssenteret Record i Beirut.

– Dei ynsker ei våpenkvile, men ho må koma via Iran. Viss våpenkvila er ein del av forhandlingane mellom USA og Iran, vil Hizbollah vera nøgde, feira og seia at dei sjølve har bidratt til fred.

Mann med skjegg og briller i blå dressjakke, står i en bygate
Rabeh Dandalsy ved forskingssenteret Record i Beirut. Foto: Aida Khorami / NRK

– Men viss initiativet kjem frå libanesiske eller amerikanske styresmakter, vil Hizbollah truleg avvisa det og skulda regjeringa for å vera for ettergivande overfor Israel eller for å svikta saka, sa han til NRK kort tid før meldinga frå Trump kom.

Trur Trump har pressa Israel

Dag Henrik Tuastad ved Universitetet i Oslo trur Trump har pressa Netanyahu til å gå med på ei våpenkvile.

– For Netanyahu er jo poenget med krigen å vinna eit val. I Israel vert han no køyrd av opposisjonen for at han ikkje har oppnådd nokre av måla korkje i Iran eller Libanon. Han er tilsynelatande ikkje nærare å fjerna Hizbollah som trussel, eller få ei regimeendring i Iran, seier han til NTB.

Trass i våpenkvila trur ikkje Tuastad at Israel vil trekka seg ut frå områda dei har okkupert i Sør-Libanon.

Direkte samtalar

Tidlegare denne veka møttest Israel og Libanon til direkte forhandlingar for fyrste gang på over 30 år.

Torsdag kom det fleire meldingar om at statsminister Benjamin Netanyahu skulle snakka med Libanons president Joseph Aoun.

Men den libanesiske presidenten har sagt nei til å snakka med Netanyahu, ifølge anonyme kjelder til nyheitsbyråa Reuters og AFP.

Libanons president Joseph Aoun i dress vinker, et lite libanesisk flagg i bakgrunnen
Den libanesiske presidenten Joseph Aoun, her utanfor presidentpalasset i Beirut i 2025. Foto: Hassan Ammar / AP,NTB

Kort tid etter kom meldinga om at Trump sjølv hadde snakka med Joseph Aoun.

Interessert i utanriks? Høyr redaksjonens podkast: