I 15-tida torsdag ettermiddag var Ask Johansen ved flyplassen i Svolvær for å hente ein passasjer. Men flyet var forsinka, så han parkerte like utanfor flyplassen medan han venta.

Utanfor terminalbygget stod eit Widerøe-fly med motorane i gang, snart klart for avgang til Bodø, då ein eldre mann plutseleg letta ei drone frå bakken like ved bilen til Ask.

– Eg har aldri sett noko liknande så nært flyplassen, seier han.

I Noreg er det strengt forbode å fly drone nærmare enn fem kilometer i luftlinje frå ei lufthamn, utan særskild løyve frå flytårnet eller den lokale flyleiinga.

Som dagleg leiar i Lofoten Droneservice er han godt kjend med dei strenge dronereglane i Noreg, og ringde difor flytårnet for å høyre om dei hadde godkjend droneflyginga.

– Det hadde dei ikkje. Så då ringde eg politiet.

Ask Johansen
Ask Johansen er daglig leder i Lofoten Dronservice. Difor forsto han raskt at dette kanskje ikkje var lovleg, og varsla flytårn og politi. Foto: Privat

Tok av som normalt

Mannen som flaug dronen kom frå ein finskregistrert bil. I om lag fire minutt flaug han dronen i retning Svolvær, før han pakka saman, sette seg i bilen og køyrde frå staden.

Pressesjef i Widerøe, Eline Hyggen Skari, stadfestar at flyselskapet vart informert om hendinga. Likevel fekk ikkje droneflukta konsekvensar for avgangen.

Eline Hyggen Skari, Senior kommunikasjonsrådgiver i Norwegian.
Pressesjef i Widerøe Eline Hyggen Skari seier dei vart varsla om dronen ved lufthamna i Svolvær. Foto: Thomas Brun NTB / Kommunikasjon

– Flyet tok av som normalt, opplyser Skari.

Maskinen landa i Bodø åtte minutt etter oppsett rutetid.

Politistasjonssjef ved Nordland politidistrikt Andreas Bjørnstad stadfestar til NRK at politiet fekk tips og gjorde eit søk etter dronepiloten, men utan resultat.

Han seier at politiet kvar veke får meldingar om dronar i Lofoten, og at dei det siste året har fått meldingar om dronar kvar einaste månad.

Har sett seg lei på dronevideoer fra Lofoten: – Flere har funnet fram våpen

– Fryktar kollisjon

Lufthamnsjef ved Svolvær lufthavn, Terje Mikal Worum, understrekar at reglane om ei tryggleikssone på fem kilometer er heilt avgjerande for luftfarten.

– Det vi fryktar er ein kollisjon mellom eit luftfartøy og ein drone. I verste fall kan ei slik hending føre til at vi må stengje luftrommet og stanse flytrafikken, seier Worum.

Han peikar på at mange nyare dronar har sperrer som gjer at dei ikkje kan fly i forbodssoner, men at dette ikkje gjeld alt utstyr turistar tek med seg frå utlandet.

– Dei fleste som kjem til Lofoten kjem via veg, og då er det også krevjande å nå ut med informasjon til alle om at dei er i nærleiken av ein flyplass, seier lufthamnsjefen.

Folk på vei ut av et Widerøe-fly i solskinn
Svolvær Lufthamn Helle: Lofoten trekk til seg mange turistar om sommaren. Og dronepilotar. Foto: Petter Strøm / NRK

Etterlyser betre skilting

Ask Johansen meiner myndigheitene må gjere meir for å informere turistar som kjem til regionen.

– Vi må få opp betre skilting på rasteplassane i nærområdet, slik dei til dømes har gjort på Andenes. Mange tenkjer ikkje over at dei er innanfor ein femkilometerradius frå flyplassen, seier Johansen.

Lufthamnsjefen oppmodar folk som ser ulovleg droneflyging til å seie ifrå direkte til piloten dersom dei har høve til det.

– Dersom publikum seier ifrå med ein gong, kan vi avverje farlege situasjonar raskt. Det sparar både oss og politiet for ressursar, og dei aller fleste gjer dette utan vond meining, avsluttar Worum.

Skilt fra forsvaret: Drone/RPAS forbudt.
Utan løyve er droneflyging forbode innan fem kilometer frå flyplassar. Foto: Forsvaret