På gata i Reykjavík spør kanadiske Simone Norman, Karen Kay og Lorraine Gidney om NRK kan ta bilde av dei.
– Sjå på huda mi, eg ser ti år yngre ut, seier Norman som har vore på luksus-spahotell med venninnene.
Dei har verkeleg punga ut for å «oppleve Island VIP-style».
Til saman har dei brukt omtrent 36.000 kanadiske dollar på firedagarsturen.
Det tilsvarer i underkant av 250.000 norske kroner.
Hittil i år har nesten éin million menneske tatt turen til Island.
Tal viser at turistmengda nesten har dobla seg dei siste ti åra når 2,3 millionar reiste inn til landet i fjor.
Det er nesten seks gonger så mange som dei 400 000 menneska som allereie bur i landet.
På Mallorca har befolkninga nyleg demonstrert mot masseturismen, skriv El Mundo, men på Island er situasjonen ein heilt annan:
Reiseliv er nemleg den aller største eksportnæringa dei har.
Pungar ut på ferien
Dermed er kanadiarane til glede for statslommeboka til Island.
Hos venninnene sit pengane laust og i morgon skal dei blant anna køyre rundt øya med privatsjåfør.
– Det er ikkje billig, men det er verdt det, fortel Kay.
Men dei er langt ifrå dei einaste som legg igjen pengar på «Sagaøya».
Når NRK går i Reykjavík møter vi nesten berre turistar, og typiske turistbutikkar lyser mot oss nedover gata.
I fjor la turistane igjen 637,5 milliardar islandske kroner, ein auke på 4 prosent frå året før.
Summen tilsvarer 8,8 prosent av Island sitt BNP i fjor og drog forbi fiskerinæringa som viktigaste eksportnæring i 2016.
Reiselivsnæringa utgjer omtrent 40 prosent av all eksport frå landet, og ein av dei som merkar turisttrykket, er islandske Pàlmi Vidar Pètursson.
Han har jobba på flyplassen i ti år, men har i år bestemt seg for å ha sommarjobb bak baren på «Gamla Rekjavík».
– Vi er heilt avhengige av turistane for å få landet til å gå rundt økonomisk, seier islendingen.
– På Mallorca demonstrerer befolkninga mot overturisme, men her verkar det som at alle er fornøgde?
– Ja, eg har ingenting imot turistane. Eg tar dei imot med glede, og det trur eg dei fleste gjer.
Sov på bordet i ni dagar
Men ein treng ikkje å ha råd til vatn i Sahara for å dra på ferie til Island.
I den lange køen til pølseboden ventar tre kompisar som har hatt ein litt mindre luksuriøs tur.
– Vi bur i ein campervan, fortel 20 år gamle Maxime Martin frå Canada.
I ni dagar har dei køyrt rundt øya og sove i den tronge vanen.
– Kanskje viss nokon av oss hadde hatt dame, så ville ho ikkje likt det, men vi er berre gutar her så vi stressar ikkje med det, seier kompisen Zachary Michaud og ler.
Da dei leigde vanen fekk dei beskjed om at det gjekk an å senke bordet slik at både bordet og sofaen blei ei heil seng, men korleis dei skulle få til det, fann dei ikkje ut av.
– Så vi berre gjorde det ikkje. Vi brukte plastfolie over bordet og så sov han der, seier dei om kvarandre og peiker på Martin.