Idet ein ny haustsesjon tek til på Stortinget, går Framstegspartiet på offensiven mot ufrivillige utanlandsopphald.
Særleg dei der det er risiko for at nokon kan bli utsett for tvangsekteskap eller kjønnslemlesting.
Stortingsrepresentant Erlend Wiborg meiner det har vore ein berøringsangst kring desse problema i Noreg for lenge. Frp meiner problemet har fått vokse fordi samfunnet ikkje har turt å stille krav til innvandrarar:
– Vi kan ikkje lenger ta i dette med silkehanskar. Vi må setje hardt mot hardt. Det er ein type barbari, seier han til NRK.
Vil ta ifrå foreldre omsorga
Partiet fremjar åtte såkalla anmondningsforslag der dei ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med lovforslag.
Mellom anna ber dei om at foreldre skal miste omsorga, og at personar med opphaldsløyve som medverkar til tvangsekteskap i utlandet, skal miste løyva og sendast ut av Noreg.
Dei foreslår òg å skjerpe straffene og å gripe inn før reisa startar. Foreldre og elevar i risikogrupper skal påleggjast samtalar før sommarferien, føreslår Frp.
Sjølve forslaget nemner ikkje bestemte land eller religiøse grupper, men Wiborg seier vi veit kva for land og regionar kjønnslemlesting og tvangsekteskap er utbreidd:
– Det er i fleire muslimske miljø. Og då må vi rette inn innsatsen spesielt mot dei.
– Skal barn av muslimske foreldre som har innvandra til Noreg ha førebyggjande samtalar før kvar sommarferie?
– Alle som er i risikogruppene. Det er jo skilnadar mellom dei ulike muslimske miljøa, avhengig av kva land dei kjem ifrå.
Fryktar å bli etterlatne
Problema med frivillige utanlandsopphald er samansette. Nokre rapporterer om frykt for å bli gifta bort. Andre at ei feriereise skal ende med at dei blir haldne tilbake i utlandet.
Det er det såkalla kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald som har tal på problema.
I 2025 registrerte teamet heile 95 saker om frykt for tvangsekteskap og 14 om gjennomført tvangsekteskap.
Det likevel ei nedgang frå 2024 då tala var høvesvis 146 og 18. Samstundes har talet på saker om ufrivillige utanlandsopphald auka frå 26 i 2024 til 57 i fjor, ifølgje tal frå mangfaldsrådgivarane i IMDi.
Regjeringa vurderer fleire innstrammingar
Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (Ap) er samd i at innsatsen må målrettast.
– Det er ein problematikk som er i fleire ulike miljø, og det har eg vore opptatt av å seie.
Stenseng peikar både på enkelte muslimske miljø og lukka religiøse miljø. Ho avviser også skuldinga om berøringsangst.
– Eg vil seie at det fell litt på si eiga urimelegheit, seier ho og viser til at det frå januar i år er mogleg å vedta utreiseforbod for barn i fare for skadelege utanlandsopphald.
Stenseng seier regjeringa òg skal greie ut stans i offentlege ytingar og vurdere om æresmotiv skal gi strengare straff.
– Vi vurderer å utvide personkretsen i mishandlingsavgjerda. For vi veit at det kan vere fleire personar i éin familie som står bak æresmotivert vald.
Ministeren seier samstundes at regjeringa skal vurdere forslaga frå Frp dersom Stortinget ber dei om det.
Vanskeleg å hente heim
Viss nokon likevel blir haldne tilbake i utlandet mot sin vilje, blir oppgåva ei anna: å prøve å få dei heim. Det er langt vanskelegare, fortel Morten Tjessem, divisjonsdirektør i IMDi.
Det er heller ikkje berre barn som blir ramma.
– Vi ser mellom anna at mødrer blir haldne tilbake saman med barna sine i heimlandet etter ein ferie.
Familien kan frykte at livet kvinnene lever i Noreg, skader ryktet deira, forklarer han.
– Då er det gjerne far eller familien hans som meiner at ektefellen lever for fritt i Noreg.
Kor mange som blir ramma, er uklart. Mykje skjer i det skjulte, og talet på hjelpesaker gir heller ikkje noko sikkert svar på utviklinga.
– Det er vanskeleg å vite om auken kjem av at fleire faktisk blir utsette, eller om fleire er kjende med tenestene våre.
IMDi ser ein topp i slike førespurnader etter sommarferien. Tjessem meiner sjansen til å hjelpe er størst viss nokon tek kontakt før reisa – medan den som treng hjelp, framleis er i Noreg.