– Laurdag er chill! Det er den dagen ein er i lag med alle, koser seg og har det gøy, seier Oda Marie Mjelde Grønstøl (19).
Ho og venninna Eline Haugo (19) går på Karmøy folkehøgskule i Rogaland. Og sjølv om livet på folkehøgskule løftar alle vekedagane, så peikar laurdagen seg ut.
– Laurdag har alltid vore favoritten, seier Haugo og mimrar tilbake til laurdagsgodteri til barne-TV på slaget 18.
Heilt i tråd med ei undersøking Norstat har gjort for NRK om kva for ein dag som er favoritten.
For det er laurdagen som er best, svarer dei mellom 18 og 29 år.
Så skjer det noko når ein bikkar 30.
Fredagen er favoritten
– Eg kjenner meg veldig igjen, seier Ina Støle-Hansen (31) når ho ser resultatet av Norstat si undersøking.
Ho var 29 då fredag overtok tittelen som vekas favoritt frå laurdagen.
For det blir mindre fest med to barn. Og meir av det fredagen kan tilby.
– Fredag etter lunsj seglar ein inn mot helga. Så er det taco og behageleg joggedress. Når ungane har lagt seg, sig eg ned i sofaen.
Og ser ein alle under eit, viser undersøkinga at fredag er favorittdagen til 39 prosent.
Når du les dette er det så lenge til fredag:
Medan 26 prosent har laurdagen som sin favoritt.
Kvardagane kjem langt nede på lista.
Men dag to er den verste, viser undersøkinga.
Og gjennom eit liv vekslar populariteten til dei ulike dagane slik:
Den minst populære dagen
– Tysdag er introvert og litt negativ til mange ting.
Anders Kongsvik Rommetveit beskriv tysdag dersom vekedagen hadde vore ein person.
– Er glaset halvtomt på tysdagar?
– Ja! Måndag flyt litt på at det var helg dagen før. Er du heldig kan du finne ein sjokoladebit i skåpet, seier han.
På tysdag er det tomt for sjokolade og neste helg er langt unna.
NRK møter Rommetveit i kantina på Sjøfartsdirektoratet. På ein tysdag.
Ein liten klubb på 2 prosent har svart at dei har tysdag som sin favorittdag.
Lykkeforskaren er ikkje overraska.
– Tysdag er kjent for å vere den dagen som har størst trykk på produksjon og arbeidsliv. Dette er ikkje den første undersøkinga som viser at tysdag er ein tung dag, seier Ragnhild Bang Nes.
Som eit ingenmannsland
– Det er eit stykke tilbake til helga, og lenge til neste helg, seier Nes og beskriv tysdagen som eit ingenmannsland.
Sjølv har ho ein kollega som klatrar kvar tysdag.
For eit tips er å fylle dei kjipe dagane med noko kjekt.
Ikkje før du er oppe i 80-åra blir tysdagen betre, og torsdagen overtek rolla som den kjipaste dagen.
Men torsdag er favorittdagen til student Tiril Kristine Sortland.
– Den er full av spenning og eg er klar for helg. Også er det jo den dagen med billegast pils, seier ho.
Så korleis er resten av veka når nordmenn har rangert?
Sjølv om det framleis er helg er det berre 5 prosent som har søndagen som sin favoritt.
– Då er det kjempelenge til fri! På søndagar går det heile tida og murrar i bakhovudet at det er ny veke. Ingen fest og fjas lenger, seier Tiril Kristine Sortland.
Og når måndagen kjem er det 6 prosent av oss som meiner det er vekas beste dag.
– Måndag er den verste dagen! synest Oda Marie Mjelde Grønstøl.
Medan Eline Haugo gruar seg mest til onsdag og torsdag.
– Det er ikkje så mykje å glede seg til for det er så lenge til helg. Også er ein litt sliten midt i veka.