Rachel DilleAmdam sitter vendt mot en dobbel dataskjerm. På skjermen ser man litt av hvordan Helseplattformen ser ut. DilleAmdam er ufokusert i bildet.
HELSEPLATTFORMA: Journalsystemet blei innført i 2022. Sidan det har den vore diskutert fleire gonger. Foto: Morten Waagø

Ingen av forslaga om å skrote Helseplattforma fekk fleirtal då Stortinget gjekk til votering i dag.

– Det er veldig trist at ein ikkje ein gong kan legge ein plan for korleis ein skal ha eit framtidsretta IT-system som er brukarvennleg.

Det seier lege og stortingsrepresentant Marius Langballe Dalin (MDG).

– I staden skal vi binde oss til amerikanske tech-gigantar som har kloa i norsk helsedata, og som det blir vanskelegare å frigjere seg frå.

Marius Langballe Dalin (MDG), er kritisk til Helseplattformen i Helse Midt. I dag skal det voteres på Stortinget.
Marius Langballe Dalin (MDG) har bakgrunn som lege. Fotografi: Storm Pessl-Kleiven / NRK

Det var i mars i år at Miljøpartiet dei grøne la fram eit forslag om å skrote det omstridde journalsystemet Helseplattforma.

Sjølv om journalystemet ikkje blir skrota, var det eit forslag frå Høgre, Arbeidarpartiet og SV som fekk fleirtal. Det tar til orde for ein uavhengig analyse som skal gi læring ved tilsvarande prosjekt, og bidra til forbetring av Helseplattforma.

Eitt av vedtaka blei utsett fordi det blei stemmelikheit. Vedtaket kan du lese her, og det blei 50 stemmer for og 50 stemmer mot.

Omstridd

Helseplattforma blei først tatt i bruk ved St. Olavs hospital i Trondheim i 2022.

Målet var å innføre eit nasjonalt journalsystem som skulle gjere det enklare for helsepersonell å få tilgang til opplysningar raskt.

Deretter blei det innført i Helse Møre og Romsdal og Helse Nord-Trøndelag, og er det til saman 34 kommunar i tillegg til helseføretaka som brukar det.

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) seier at det ikkje er tvil om at Helseplattforma er krevjande, men meiner at ein ikkje må skrote det no.

– Det er framleis betydelege utfordringar knytt til brukarvennlegheit og effektivitet. Det må bli tatt alvor, men eg opplever no at det er eit overveldande fleirtal på Stortinget som er opptatt av å sjå framover og lære av feil, men at dei ikkje ønsker omkampar om eit journalsystem som fleire tusen brukar.

En mann med skjegg og dressjakke ser til siden. En annen person i mørke klær er delvis synlig i forgrunnen. Bakgrunnen er uskarp og viser et moderne interiør. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Jan Christian Vestre (Ap) meiner det er ein dårleg idé å skrote Helseplattforma. Fotografi: Lars Martin Hunstad / NRK

Stemte annleis

Dette er ikkje første gong skjebnen til Helseplattforma blir stemt over. I fjor kom Framstegspartiet med eit liknande forslag, men då blei det heller ikkje fleirtal for skroting.

– Det er så rart at Høgre og Arbeidarpartiet på liv og død skal sikre dette systemet, når dei som brukar det påpeiker at det ikkje fungerer, seier partileiar Sylvi Listhaug (Frp).

Senterpartiet derimot, vil no behalde journalsystemet og heller gjennomføre ein analyse. Dette til forskjell frå sist votering, då dei stemte for at dei ville greie ut ei eventuell avvikling.

– Forslaget i fjor peikte endå meir på avvikling i vedtaket, mens no fremjar vi å støtte eit forslag om ein samfunnsøkonomisk analyse av Helseplattforma.

Kjersti Toppe, stortingsrepresentant(Sp), skal votere om Helseplattformen skal skrotes.
Kjersti Toppe (Sp) meiner det er på tide med ein analyse av Helseplattformen. Fotografi: Storm Pessl-Kleiven / NRK

Ønskjer tryggleik for vidare drift

Jan Frich er administrerande direktør i Helse Midt-Noreg. Han seier at Helseplattforma har vore ei tung belasting på mange måtar, men også på økonomien i Midt-Noreg.

Frich seier det har vore krevjande og tungvint for dei tilsette, men at fleire også seier at det går betre

– Eg håpar at vi kan få tryggleik for at Helseplattforma blir med oss vidare i denne runden.

– Nokon meiner dette er eit prestisjeprosjekt det er knytta for mykje stoltheit til. Er det det?

– Eg opplever det ikkje slik. Eg starta i jobben for knappe to år sidan og har vore opptatt av å forbetre systemet og ta det vidare. Det eg er opptatt av, er å lytte til alle dei tilsette som seier dei ikkje ønskjer ei nye runde igjen med dette.

Mann med briller og dressjakke framfor sjukehus
Fotografi: Frederik Winness Ringnes / NRK

– Skapar støy

Ellen Visnes er tillitsvald for yngre legar ved barneavdelinga på Ålesund sjukehus, og følgde spent med på voteringa.

– Vi håper vi blir tatt på alvor med bekymringane vi har hatt over lengre tid.

Ho seier dei har gitt tilbakemeldingar på journalsystemet, men at det har skjedd lite dei to åra det har vore i bruk ved sjukehuset.

– Det har frå første dag vore utfordringar med brukarvennlegheit og pasienttryggleik.

Unge legar ved Ålesund sjukehus er kritiske til at Helseplattformen
For Ellen Visnes har Helseplattforma vore problematisk. Fotografi: Øyvind Sandnes / NRK

Erlend Nakken er tillitsvald for yngre legar ved medisinavdelinga på Ålesund sjukehus, og deler oppfatninga med Visnes.

– Eg jobbar i eit akuttmottak med mykje støy, og med eit system som skapar endå meir støy så blir det slitsamt å jobbe med, og ein er aldri heilt sikker på at ein har gjort alt rett.

Bytte ut Helse­plattforma: – Som å kaste lenkene