– Å tre sånne avgjerder over hovudet på kommunane, er ikkje bra, seier ordførar i Narvik kommune, Rune Edvardsen.
UDI forventar ei kraftig auking i antal asylsøkarar i første del av 2026.
Derfor har dei no tildelt 24 kontraktar om nye asylmottak over heile landet, som skal ta imot 3600 asylsøkjarar.
I Narvik kommune er selskapa Hero og Corvita Care fått avtaler på å ta imot 150 asylsøkjarar kvar.
Planen er å etablere to mottak i vesle Håkvik, ei bygd med rundt 700 innbyggarar, ei mil utanfor sjølve Narvik.
– 300 asylsøkarar blir mange, seier Edvardsen.
Ordføraren fortel at Narvik gjerne vil hjelpe til med å huse asylsøkarar som kjem til Noreg. Men dei har gjort grundige undersøkingar for å sjå kor mange asylsøkarar dei har kapasitet til å ta imot.
– Då landa vi på at vi kan handtere 150 personar, seier Edvardsen.
– Det er det vi har kapasitet til kva angår legar og andre kommunale tilbod.
For sjølv om det er selskapa som er ansvarleg for å drifte asylmottaka, må kommunane sørge for dei nødvendige tenestene for dei nye bebuarane.
UDI skal sørge for at kommunane får pengar til dette, men er det nok?
Rune Edvardsen fortel at UDI var til stades på formannskapsmøtet i kommunen, da dette vart drøfta.
– Likevel pålegg dei oss å ta imot 300 personar. Eg synest det er rart at dei køyrar over oss på den måten.
Litt lenger vest, er dei også overraska over avgjeringa til UDI.
La ned mottak i fjor
Lødingen er ein liten kommune med i underkant av 2000 innbyggjarar.
Dei skal ta imot 150 asylsøkarar. Det same skal Fauske, Senja og Tjeldsund.
Lødingen hadde eit mottak, etablert i 2022 i forbindelse med krigen i Ukraina.
Men mottaket vart derimot lagt ned i fjor.
No er utfordringa å få tilbake dei som var tilsett der, seier ordførar Hugo Jacobsen (Ap).
– Vi har jo nett nedbemanna. Akkurat no har vi ingen som jobbar med å drifte asylmottak. Vi må starte heilt på nytt, seier han.
Også på Fauske la dei ned eit mottak i fjor. I tillegg slit også denne kommunane med økonomien.
– Det er særleg i oppvekst og opplæring som har fått eit redusert tilbod, seier ordførar Marlen Rendall Berg (Sp).
Og no må dei stelle i stand eit nytt mottak.
Den beskjeden fekk Berg tysdag ettermiddag.
– Vi har førebels lite informasjon om kven som kjem. Dermed veit vi lite om kva type tilbod vi skal levere, seier ho.
Ordførarkollegaene hennar meiner heile prosessen rundt tildelingane burde vore gjort på ein anna måte.
Får e-post
– Det burde vore ein helt anna prosess. No får vi ein e-post med beskjed om at vi er tildelt 150 plassar, utan at det er sjekka om det er moglegheiter for å levere det asylsøkarane behøver, seier ordførar i Lødingen, Hugo Jacobsen.
Lødingen er nemleg på Robek-lista og har dermed ein stram økonomi. Jacobsen seier dei var tidleg ute med å informere UDI om deira økonomiske situasjon.
Erfaringa til ordføraren er nemleg at eit asylmottak ikkje fullfinansierast.
– Mange av innbyggjarane er positive til eit asylmottak, men ikkje når kommunen ikkje klarer å handtere eigne utgifter. Folk fryktar at dette vil gå utover deira tilbod.
Ikkje nok med det. UDI har det travelt. Dei vil gjerne ha mottaka klare i løpet av mai månad.
– Det blir utfordrande. Dei skal opne her om fem veker, og det seier seg sjølv at å lyse ut stillingar og alt som høyrer med innan fristen blir omtrent umogleg, seier Jacobsen.
Ordførar i Narvik, Rune Edvardsen, ber UDI om å samarbeide betre med kommunane.
– Dei må saman finne ut korleis vi løyser dette best. Vi skal sjølvsagt hjelpe! Men å tre sånne avgjerder over hovudet på kommunane, er ikkje bra, seier han.
– Asylsøkarane skal jo sosialiserast. Korleis skal vi sikre at 300 personar får eit godt og verdig opphald i Håkvik?
Heidi Bottolfs, avdelingsdirektør for mottak og retur i UDI, fortel at dei gjer så godt dei kan for å sikre både asylsøkarane og kommunane som tar dei imot på best mogleg måte.
Ikkje busetjing
– Vi forsøker å ha tett og god dialog med kommunane, seier Bottolfs.
– I tillegg finst det eit vertskommunetilskot. Det sikrar og dekker utgiftene som kommunane har når det kjem til tenestene dei er pliktige til å yte.
Det gjeld for eksempel helsehjelp, barnevernstenester og tolketenester.
Bottolf forklarar vidare at kontraktane blir gitt som ein del av eit offentleg anbod. Da kjem kommunar eller private aktørar med eit tilbod.
– Det er profesjonelle operatørar, som gir eit tilbod basert på kor dei har tilgang. Vi må ikkje forveksle asylmottak med busetjing. Dette er midlertidig innkvartering til asylsøkarane har fått søknadane sine behandla.
Heidi Bottolf ønsker også å roe dei kommunane som er bekymra for dei økonomiske konsekvensane eit asylmottak kan gi.
– Vertskommunetilskotet blir avgjera av Stortinget. Det skal dekke dei nødvendige utgiftene. Dersom det er bebuarar som treng hjelp eller tilrettelegging utover det, så er det mogeleg å plassere vedkommande på et anna mottak som er tilrettelagt for det.
Bottolf seier at det er mange kommunar som er positive til å ha asylmottak, sjølv om dei slit med økonomien.
– Tilskotet til kommunane er ein ting, men eit asylmottak gir også arbeidsplassar. I tillegg seier fleire at det gir auka handel og bidrar til det frivillige i kommunane.
Ein av dei positivt innstilte kommunane finn vi i Tjeldsund.
Dei er bedt om å huse 150 asylsøkarar.
– Det gikk bra sist gang, og det blir å gå bra no! Det er menneske det er snakk om, ikkje objekt, seier ordførar Robin Ridderseth.
Også dei måtte leggje ned eit mottak i fjor.
– Så dykk har nok folk?
– Vi har ein solid arbeidsstokk og god dialog med mottaka. Vi bemannar ikkje opp i ein smell, og nedbemannar ikkje i ein smell.