avis/ber/ge v0.1.0
⌕ Søk artikler, forfattere, emneknagger… ⌘K
scraper online neste kjøring om 9 min

Skriv for å søke i artikler…

avis/ber/ge/nrk/s/1.18046209 ↩
story

Ung mann død i bussvelt i Sverige

Ein ung mann er død i ei bussulykke i Sverige. Minst ti personar er alvorleg skadde, melder SVT. Ein dobbeldekkar med rundt 45 personar om bord køyrde av vegen og velta på riksveg 25 mellom Växjö og Alvesta i Småland måndag ettermiddag. Det er uvisst kva som er årsaka til ulykka. Politiet har sperra vegen og gjennomfører tekniske undersøkingar. Dei har også avhøyrt fleire personar, blant anna passasjerar og føraren av bussen. Dei skadde er frakta til sjukehus med helikopter og ambulansar, ifølge redningstenesta. Regionen har sett krisestab etter hendinga.

05. October 2026 kl. 18:01 (oppdatert 19:40)
Nyheter Sverige

v1 · scraped 08.10 10:00 · 0 blocks · original ·

We can't find the internet

Attempting to reconnect

Something went wrong!

Attempting to reconnect