Bilkortesje for Leah Grydeland
BILKORTESJE: Fleire hundre møtte opp for å minne Leah Grydeland (16). Foto: Arne Flatin / NRK

– Eg synest markeringa blei fantastisk bra. Det kom overraskande mykje folk. Det var ikkje planlagt så stort som det blei, men eg er ganske stolt over det vi har fått til.

Michael Valentin Bringslid-Kjezar (17) er av dei som har arrangert bilkortesjen til minne for 16-år gamle Leah Grydeland som omkom i trafikkulykka på Julsundvegen tidlegare denne veka.

– Vi meinte at Leah fortente ein siste køyretur før vi lét ho gå. Det er vondt for oss alle, seier Bringslid-Kjezar.

Bilkortesje for Leah Grydeland
Michael Valentin Bringslid-Kjezar (17) og Stine Løvås (17) er av dei som initierte kortesjen. Foto: Arne Flatin / NRK

Ifølgje NRKs reporter på staden var det eit par hundre bilar som stilte opp i kortesjen. Blant dei frammøtte var det fleire frå det lokale bilmiljøet.

– Du ser jo rundt her at det er mange som bryr seg, og alle sett pris på alle, same kven du er og korleis du føler deg, seier initiativtakaren.

Kortesjen gjekk frå Mordalsvågen ferjekai klokka 14.00. Vidare gjekk vegen gjennom Storgata i Molde, før den enda på Retiro.

Alvorleg ulykke

Det var torsdag morgon klokka 05:39 at politiet meldte om ei alvorleg trafikkulykke på Julsundvegen i Molde.

Julsundvegen ligg vest for Molde sentrum. Ulykka skal ha skjedd ikkje så langt frå Mordalsvågen, og dei involverte var ein mann på 18 år, ein gut på 17 år og ei jente på 16 år.

Alle dei tre blei skadde i ulykka, og livet til jenta stod ikkje til å redde.

Trafikkulykke Julsundvegen i Molde
Ulykka skjedde like ved Mordalsvågen ferjekai. Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ein sikta

Den 18 år gamle mannen som køyrde bilen blei alvorleg skadd og får behandling på St. Olav hospital i Trondheim. Han sat fastklemt og måtte bli frigjort etter ulykka.

Mannen er no sikta for brot på vegtrafikkloven § 3, som handlar om å vere aktsam og merksam i trafikken.

– Siktinga er basert på det førebelse materialet vi har samla inn i etterforskinga. Både dei undersøkingane vi har gjort og forklaringar frå vitne, sa politiadvokat Elias Undersåker Enga til NRK tidlegare denne veka.

Hendinga blir vidare etterforska av politiet.