Unge får straffegebyr for ikkje å møte til tannlegen
Fleirtalet på Stortinget går inn for å gi personar mellom 18 og 28 år som ikkje møter til tannlegetimar i det offentlege, eit straffegebyr. Det var Høgre som fremja forslaget, som fekk støtte frå Frp, Venstre, Sp, KrF og MDG. I dag kan private tannklinikkar gi gebyr til folk som ikkje møter, men det har ikkje fylkeskommunane og det offentlege.