Ein liten boks med eit kvitt pulver blir plassert inn i ein maskin i hjørnet på eit kontor.

Maskinen kan analysera hundrevis av ulike narkotiske stoff. Den durar når ein laser treff pulveret for å finna ut kva stoff det er.

En hånd plasserer en prøve inn i en luke i en maskin. Maskinen er svart, grå og firkantet.
Ein prøve blir plassert i ein maskin på Oslo Drug Check sitt kontor. Foto: Axel Henrik Segelcke / NRK

På kontoret sit Daniel Mørk i Oslo Drug Check og ventar på svar. Kontoret er eit samarbeid mellom dei to rusmiddel­organisasjonane Foreningen for human ruspolitikk og ProLAR nett.

Her kan folk koma for å analysera om det narkotiske stoffet dei har er reint, eller om det er blanda med endå meir farlege stoff, som til dømes fentanyl.

– Mange uroa foreldre kjem etter å ha funne noko kvitt pulver eller ei rosa pille heime, og tek det med hit, seier Mørk.

Du kan lesa om resultatet av testen lenger nede i saka.

en person med blå hatt som jobber på en laptop (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Hos Oslo Drug Check kan folk testa kva stoff dei eigentleg har skaffa seg. Foto: Axel Henrik Segelcke / NRK

Unge nordmenn på topp i Europa

Ein ny rapport frå EUs narkotikabyrå om sjølvrapportert kokainbruk blant unge vaksne viser at Noreg ligg heilt på topp i Europa.

Unge vaksne blir i denne rapporten rekna som dei mellom 16 og 30 år.

Utanfor Universitetet i Bergen sit Henrik Netland Rolland (24) og Jacub Fercak (24) i sola.

Dei seier begge at det ikkje er noko kokainbruk i deira krets, men at dei har høyrd at det har blitt meir vanleg.

– Det kan vel vera slik at bruk er knytta til det å vera rik, eller å ha ein rik livsstil. Eg tenkjer litt på TV-serien «Exit», og at kanskje folk har lyst til å vera som dei, seier Rolland.

To unge menn sitter på en benk utenfor en bygning med mursteinsfasade. Den ene mannen har på seg en grå genser og jeans, mens den andre har på seg en svart t-skjorte og lysebrune bukser. Begge ser mot kameraet. Bak dem er det et stort vindu og en murvegg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Henrik og Jacub har fått med seg utviklinga, men har sjølve ikkje sett bruk på nært hald. Foto: Vidar Eidhammer / NRK

Også Emma Sjøborg (23) og Sofie Yndestad (23) trur det er vanleg i visse miljø.

– Då me var russ var det mykje kokainbruk på russebussane, og eg har inntrykk av at bruken er høg, seier Sjøborg.

– Det er litt slik at anten er du i eit miljø der ingen brukar kokain, eller så er du i eit miljø der det er vanleg, seier Yndestad.

– Rus vil alltid vera noko som unge blir trekte mot. At ein skal prøva å vera kul, legg Sjøborg til.

Two young women sit side-by-side on a wooden bench outdoors. The woman on the left wears a dark t-shirt and has her hair in a braid. The woman on the right wears a white cardigan. Behind them is a tiled wall. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Studentane Emma og Sofie ved Universitetet i Bergen trur auken kan koma av at unge vil framstå som om dei har meir pengar enn dei har. Foto: Vidar Eidhammer / NRK

Styresmaktene er uroa

Helsedirektør Cathrine Lofthus er uroa over utviklinga.

– Det har vore ein auke over fleire år. I tillegg til sjølvrapporteringa ser me at fleire treng behandling, og at beslaga aukar, seier Lofthus.

Framover blir det særleg viktig å nå ut til dei unge om farane knytta til bruk, seier helsedirektøren.

– Me er særskild uroa for bruk blant unge der hjernen framleis er under utvikling, seier ho, og held fram:

– Det er særleg viktig å få fram at kokain kan gje helseskadar for livet, og i verste fall er dødeleg.

En kvinne står med armene i kors i et møte- eller kontorlandskap. Hun har på seg en svart genser og smykker. I bakgrunnen er det skrivebord og lysnede vegger. Rommet har et moderne uttrykk med enkelt interiør.
Helsedirektøren likar ikkje utviklinga i kokainbruken. Foto: Marius Revold / NRK

– Heng saman med alkoholbruken

Ronny René Raveen er forfattar, føredragshaldar, tidlegare politimann og rusavhengig.

Han er klår på at auken i kokainbruk truleg heng saman med at samfunnet har eit for stort fokus på alkohol.

– Nordmenn likar å drikka mykje, og då har kokain ein dempande effekt på dei negative sidene med alkohol. Og så har me framleis god råd i Noreg, sjølv om det er dyrt, seier Raveen.

Portrett av Ronny René Raveen i radiostudio
Ronny René Raveen er tidlegare politimann og rusavhengig. Foto: Olav Viksmo-Slettan / NRK

Men også rusfeltet må ta si del av skulda for at fleire bruker kokain, meiner han.

– Rus får utruleg mykje plass i samfunnsdebatten. I tillegg har me sterke organisasjonar som jobbar for meir liberalisering, seier Raveen, og held fram:

– Alkohol er heilt normalisert, og unge blir fortald at alkohol er mykje meir farleg enn cannabis. Då tenkjer kanskje mange «kor farleg kan det då vera med kokain».

Meir tilgjengeleg enn før

Raveen peiker også på at kokain har blitt mykje meir tilgjengeleg no enn før.

– Då eg brukte stoff måtte ein veta kven som selde. No er det eitt trykk unna på Snapchat, seier Raveen.

Ein graf frå Folkehelseinstituttet som viser sjølvrapportert rusbruk.
Del som svarte å ha brukt kokain, amfetaminar og ecstasy/MDMA, 2013-2025. Kjelde: Rus og tobakksundersøkinga, SSB, 2025/Helsedirektoratet, 2026. Tala viser ein nedgang i sjølvrapportert kokainbruk frå 2024 til 2025, men den nye EU-rapporten viser altså at Noreg ligg på topp i Europa. Grafikk: Folkehelseinstituttet / NRK

– Andre rapportar, som beslag og analysar av avløpsvatn, seier noko om kor tilgjengeleg kokain er i samfunnet, seier helsedirektør Cathrine Lofthus.

Avløpsanalysane viser at bruken er særleg høg i helgene, og Lofthus seier mykje av bruken heng saman med uteliv og festkultur.

– Ikkje send alkohol med ungdommen på fest

Når NRK spør helsedirektør Cathrine Lofthus om kva som skal til for å nå fram til dei unge om at kokain er eit farleg stoff, peiker ho på at styresmaktene må nå ut med informasjon i dei kanalane der unge er, til dømes i sosiale medium.

Men også foreldre må ta eit ansvar, seier helsedirektøren.

– Dersom foreldre tenkjer at det er greitt at ungdommen tek med seg alkohol på fest, så er me veldig skeptiske til det. Vaksne skal ikkje gje inntrykk av at det er greitt å bruka rusmiddel på fest, seier ho.

Tilbake på Oslo Drug Check har Daniel Mørk fått svar på prøva som blei plassert i maskina.

– Det er rein paracet. Men ofte finn me rusmiddel tilsett paracet også.

– Fordi det er billig for dei som sel?

– Ja. Dersom du har eitt gram kokain, og blandar det ut med eitt gram paracet, har du plutseleg to gram å selja. Og då tener du dobbelt så mykje.