USA gjekk til angrep på dei to tankskipa som seglde under iransk flagg fordi dei meinte skipa braut blokaden i Omanbukta, melder Reuters.

Til saman er tre Iran-flagga oljetankarar sett ut av spel sidan onsdag, ifølge Midtausten-kommandoen til det amerikanske militæret, Centcom.

– Dei amerikanske styrkane i Midtausten er framleis forplikta til å handheve blokaden fullt ut overfor skip som siglar inn eller ut av Iran, seier admiral Brad Cooper, som leiar Centcom.

Seier sjøfolk er sakna

Iranske medium melder om nye sporadiske samanstøyt mellom Iran og den amerikanske marinen i Hormuzsundet, skriv AFP.

Fredag skulda Iran USA for grove brot på våpenkvila etter trefningar torsdag kveld.

– Handlingane utført i går kveld var både eit grovt brot på folkeretten og eit brot på våpenkvila, seier talsmann for iransk UD, Esmaeil Baqaei.

Ifølge ein iransk tenestemann er ti sjøfolk skadde og fem er sakna etter eit angrep mot eit iransk lasteskip natt til fredag.

– Under amerikanaranes aggressive handlingar i natt i farvatnet mellom Hormuzsundet og Omanbukta blei eit lasteskip nær Minab treft og tok fyr, seier Mohammad Radmehr til det statlege iranske nyheitsbyrået Mehr, melder AFP.

Vurderte fredsforslag

Krigen i Persiabukta har vart sidan Israel og USA gjekk til angrep på Iran 28. februar. Tusenvis av menneske blei drepne i angrepa.

Iran svarte med rakett- og droneangrep mot mål i Israel og i arabiske naboland som er allierte med USA, i tillegg til at dei stengde Hormuzsundet. I tillegg innførte USA etter kvart ein blokade av iransk oljeeksport.

8. april blei det innført ei midlertidig våpenkvile. Då angrepa skjedde torsdag, vurderte Iran eit amerikansk fredsforslag.

Samtidig hadde Iran sendt eit eige forslag på 14 punkt til amerikanarane.

Interessert i utanriks? Høyr podkasten til utanriksredaksjonen: