Flere er skip er ankret opp ved Hormuzstredet 25. mai 2026
Det amerikanske militæret seier dei har sett i verk nye angrep mot Sør-Iran retta mot iranske rakettanlegg og båtar som prøver å plassere ut miner. Foto: Stringer / REUTERS,NTB

Den amerikanske militærkommandoen Centcom opplyser at angrepet måndag blei utført i sjølvforsvar for å verna eigne troppar mot iranske trugslar.

Aksjonen skal ha vore retta mot konkrete rakettutskytingsstader sør i Iran og fartøy som prøvde å legge ut miner i havområdet.

– Styrkane fortset å forsvare seg sjølve samtidig som dei held seg tilbake, seier marinekaptein Tim Hawkins, som er talsperson for den militære overkommandoen.

Ifølge ein høgtståande amerikansk tenestemann blei to iranske båtar observerte mens dei la miner i Hormuzsundet. Dei angreip òg eit missilanlegg som dei meiner hadde retta seg mot amerikanske krigsfly, skriv Fox News.

Tidlegare måndag kom det meldingar om eksplosjonar i ulike regionar ved Hormuzsundet og ein eksplosjon i Bandar Abbas i Iran.

– Ikkje unormalt

Sigbjørn Halsne, seksjonsleiar og hovudlærar i landmakt ved Krigsskolen, seier at slike angrep kan skje, sjølv når partane sit ved forhandlingsbordet.

– Bruk av vald og militær makt under forhandlingar er ikkje heilt unormalt, sjølv om det er ein våpenkvile.

Sigbjørn Halsne ved Krigsskolen. Halsne er hovedlærer i landmakt ved Forsvarets høgskole.
Sigbjørn Halsne forklarar at slike angrep ikkje er uvanlege under forhandlingar. Foto: Halldor Asvall

Halsne forklarar at når militære styrker er tett på kvarandre, kan det skje alt frå misforståingar til konfrontasjonar.

– Dette angrepet er ganske lite og ikkje uvanleg i slike fasar.

Han forklarar samtidig at det er ei grense for kor mykje Iran og USA kan angripe kvarandre.

– Våpenkvila seier at partane skal slutte med aktive krigshandlingar. Men me har sett at det militære presset er ein del av forhandlingane. USA vil tvinge Iran til å etterkome meir i forhandlingane enn dei eigentleg vil, og Iran gjer det same mot USA.

Rubio trur framleis på ein avtale med Iran

USAs utanriksminister Marco Rubio seier at ein avtale med Iran framleis er mogleg å få i hamn, sjølv om USA nyleg har gjennomført angrep i Iran.

– Men forhandlingane om ein avtale med Iran kan krevje fleire dagar med diskusjonar, seier han.

Rubio understreka også at det er viktig å halde Hormuzsundet ope.

– Sundet må vere ope, og det kjem til å vere det på ein eller annan måte, sa Rubio til pressa under ein flytur til Jaipur i India natt til tysdag.

Trumps plan om Irans «atomstøv»

USAs president Donald Trump foreslår to løysingar for handteringa av Irans berika uran, av han omtalt som «kjernekraftstøv».

– Det kan enten straks overleverast til USA for å bli frakta dit og destruert, eller, som ei betre løysing, bli destruert i samarbeid og koordinering med Den islamske republikken Iran, skriv Trump på Truth Social.

Han skriv vidare at dette kan skje på staden, eller på ein «annan akseptabel stad», med atomenergibyrået til stades for å overvake prosessen.

Spørsmålet om uranoppriking har lenge vore eit stort stridspunkt i samtalane mellom USA og Iran om ein potensiell fredsavtale.

– Inga trygg hamn for USA

Iran har ikkje kommentert nattas angrep direkte, men i ei melding på Telegram kjem ayatolla Mojtaba Khamenei med ei åtvaring:

– Golfstatane vil ikkje lenger vere eit skjold for amerikanske basar, og USA vil ikkje lenger ha trygge hamner i regionen, heiter det i meldinga.

Finansmarknadane reagerer

Oljeprisen har svinga i takt med uroa i regionen dei siste månadene.

I natt har oljeprisen både stige og sokke. Nordsjøolje steig med 1,6 prosent til 97,6 dollar fatet. Amerikansk lettolje falt med 5,46 prosent til 91,3 dollar fatet.

Måndag fall oljeprisane under 100 dollar fatet etter signal frå USA om ei mogleg nærståande avtale.

Både Tokyo og Shanghai-børsane enda med nedgang ved stengjetid.

President Donald Trump hilser under den 158. nasjonale Memorial Day som sammenfaller med nasjonens 250-årsjubileum, ved Memorial Amphitheater i Arlington National Cemetery, mandag 25. mai 2026, i Arlington
USAs president Donald Trump ser for seg to løysingar på handteringa av Irans uran Foto: Alex Brandon / AP,NTB