En mann sitter i en stol, iført en jakke med skråstripet mønster. Han har på seg en svart genser og en blå skjorte. Bakgrunnen viser svake konturer av innendørs interiør med uklare lys. Belysningen gir en dypere atmosfære til bildet.
SKEPTISK: Iver B. Neumann ved Fridtjof Nansens institutt trur ikkje utsegnene frå Trump stemmer. Foto: Torbjørn Brovold / NRK

– Eg nektar å tru at Iran har lova å aldri stenga Hormuzstredet igjen.

Det seier Iver B. Neumann, direktør ved Fridtjof Nansens institutt.

Fredag ettermiddag sa den iranske utanriksministeren at landet vil opna Hormuzstredet for kommersielle fartøy igjen, etter at ei våpenkvile mellom Israel og Libanon tredde i kraft torsdag kveld.

Kort tid etterpå rann det inn meldingar frå USAs president Donald Trump på hans eige sosiale medium Truth Social.

I ei av meldingane hevda Trump at Iran har lova å aldri stenga Hormuzstredet igjen.

– Det vil aldri igjen verta brukt som eit våpen mot verda! skreiv Trump.

Men den utsegna festar ikkje Neumann noko lit til. Han peikar mellom anna på at Iran som ein av verdas eldste sivilisasjonar aldri ville ha gitt noko slikt løfte.

– For det andre ser eg ikkje nokon grunn til at Iran skulle gje nokre løfte til ein stat som har trua med å utsletta den persiske sivilisasjonen frå jordas overflate for berre eit par veker sidan, seier direktøren.

Han viser til den oppsiktsvekkande meldinga frå Trump kort tid før ei våpenkvile mellom Israel og Iran tredde i kraft tidlegare i april.

– Ein heil sivilisasjon vil døy i natt. Eg vil ikkje at det skal skje, men det må sannsynlegvis det, skreiv han på Truth Social.

Trur ikkje på Trump

I tillegg til å hevda at Iran har lova å aldri stenga Hormuzstredet igjen, har Trump fredag hevda:

  • at Iran, med hjelp frå USA, er i ferd med å fjerna alle undervassminer frå området
  • at Israel ikkje lenger får lov av USA til å bomba Libanon. – Nok er nok!!! skreiv Trump.
Donald Trump med åpen munn, et tre i bakgrunnen
Donald Trump har lagt ut ei rekke innlegg på Truth Social fredag, med til dels svært oppsiktsvekkande utsegner. Foto: Manuel Balce Ceneta / AP,NTB

– Du fester eigentleg ingen lit til det Trump kjem med av utsegner i dag?

– Nei, svarar Neumann kontant før han byrjar å le.

– Det er hyggeleg å kunna seia ja eller nei for ein gongs skuld. Det er heilt rett. Eg fester ingen lit overhovudet til dette.

Det var ein tydeleg effekt i marknaden då meldinga frå Iran kom. Blokkeringa av Hormuzsundet har gjort at oljeprisen har auka kraftig.

Torsdag var prisen rundt 100 dollar. Like etter meldinga om opninga kom, sokk prisen til 90 dollar.

Òg Oslo Børs fell kraftig og enda med ein nedgang på 2,43 prosent.

Fleire avventar

Neumann er ikkje den einaste som ikkje tar løfta om opning av Hormuzstredet for god fisk.

Rederiforbundet, til dømes, meiner situasjonen framleis er uavklart.

– Det er framleis betydeleg usikkerheit, mellom anna knytt til minelegging, iranske vilkår og eventuell praktisk gjennomføring. Dette må verta avklart før ein kan vurdera utsegling, seier administrerande direktør Knut Arild Hareide til NRK.

Òg norske Wilhelmsen Ship Management meiner situasjonen er uavklart og ventar på meir info.

Selskapet driftar fire skip som no er innanfor Hormuzsundet. Tre av dei skal ut når kysten er klar, seier kommunikasjonssjef Marius Steen.

– Når hever de ankeret?

– Me sitt stille i båten og forheld oss til nasjonale og internasjonale retningslinjer, svarar Steen.

Det danske selskapet Maersk seier òg at dei vil vurdera risikoen før dei eventuelt vel å segla gjennom sundet.

– Avgjerder om å passera sundet vil vera baserte på risikovurderingar og tett overvaking av tryggingssituasjonen, heiter det i ei utsegn frå selskapet ifølge Reuters.

Blokaden held fram

Trump seier òg at USA si blokade av skipstrafikk frå iranske hamner vil halda fram til dei to landa oppnår ei endeleg avtale.

Lurer du på korleis ein blokade faktisk fungerer? Les meir om det i saka under:

Iran, på si side, seier at dei ser det som eit brot på våpenkvila. Dei truar med å stenga sundet igjen viss ikkje USA opphevar blokaden.

– Eg trur USA kjem til å gjera det i løpet av forhandlingane, seier Midtausten-forskar Dag Henrik Tuastad til NRK.

Han vart overraska då han høyrde at Iran ville opna Hormuzsundet.

– Det er nesten for godt til å vera sant, kommenterer Tuastad.

Er du interessert i det som skjer i verda? Høyr utanriksredaksjonens podkast: