Suel kassembo
Suel Kassembo blei henta av politiet i Herøy torsdag.Fotografi: Arne Flatin / NRK

Planane om utsendinga av Suel Kassembo har vekt sterke reaksjonar dei siste dagane. Mannen har budd ulovleg i Noreg i snart 20 år, og nektar å reise.

Onsdag føremiddag blei han henta i Herøy på Sunnmøre og tatt med til utlendingsinternatet på Trandum i Akershus.

Planen var at han skulle sendast ut av landet fredag.

No har praktiske hindringar utsett utreisa, og dermed bad Politiets utlendingseining Oslo tingrett om å få fengsle Kassembo i mellomtida.

Det fekk dei ikkje medhald i. I staden blir han truleg sett fri.

– Hurra! Suel får bli inntil vidare! skriv støttegruppa på Facebook og legg til:

– Dette er uansett FANTASTISK!

innlegg på Facebook
Støttespelarane til Suel Kassembo tek avgjerda frå Oslo tingrett som ein siger. Illustrasjon: Skjermdump frå Facebook

Kan truleg bu i huset sitt

Retten slår fast at han no får reise heim til Sunnmøre mot meldeplikt:

«Retten har kommet frem til at det vil være tilstrekkelig med meldeplikt og pålegg om bestemt oppholdssted, jf. utlendingsloven § 105. Det foreligger unndragelsesfare, men retten mener unndragelsesfaren reduseres i tilstrekkelig grad dersom Kassembo pålegges daglig meldeplikt til politiet», heiter det i avgjerda frå Oslo tingrett.

– Retten har gjort ei korrekt vurdering av vilkåra i lova. Vi vil no avvente innhaldet i anken frå staten og svare på dette til veka, seier advokaten til Suel Kassembo, André Møkkelgjerd.

Politiets utlendingseining vil ikkje kommentere saka laurdag kveld.

Politiet har fått frist til måndag med å sende ankeskriv, advokaten til Suel Kassembo har frist til tysdag klokka 12. Deretter skal Borgarting lagmannsrett vurdere spørsmålet om kvar Kassembo skal vere før han blir sendt ut av landet.

André Møkkelgjerd
André Møkkelgjerd er advokat for Suel Kassembo. Foto: NRK

Uklart om Kassembo treng reisedokument

Politiet anka avgjerda på staden og fekk medhald i at avgjerda får oppsettande verknad, altså at Kassembo ikkje blir sett fri før lagmannsretten har sagt sitt.

Dersom lagmannsretten er samd med tingretten, kan Kassembo reise heim til Sunnmøre midlertidig.

Dette rokkar ikkje ved vedtaket om at han skal ut av landet.

sTØTTEGRUPPA FOR SUEL KASSEMBO
Her står støttespelarar for Suel Kassembo utanfor huset hans i Herøy. Det er her han skal opphalde seg når han blir sett fri, men må melde seg for politiet ein gong om dagen.Fotografi: Arne Flatin / NRK

Kassembo skulle etter planen sendast ut av Noreg med fly fredag, men av avgjerda frå retten går det fram at det er usikkert om han har gyldige reisedokument, som pass. Det er også uklart om han har behov for det.

Det kjem også fram i rettsdokumentet at flyselskapet har trekt aksepten for uttransport, og at årsaka til det er uklar for politiet.

I avgjerda står det at den burundiske ambassaden i Berlin ønskjer eit møte med Kassembo, og det vil politiet legge til rette for så raskt som mogleg.

en mann som lener seg ut av et vindu
Suel Kassembo då han sat i kyrkjeasyl i Herøy.Fotografi: Remi Sagen / NRK

Kyrkjeasylant var ikkje i kyrkja

Suel Kassembo har gått i kyrkjeasyl for å unngå å bli henta med makt, og har lenge vore landets einaste. Han har fleire gonger fortalt kor tungt det har vore å sitte isolert, og kalt det eit frivillig fengsel.

I rettsavgjerda frå Oslo tingrett kjem det fram at politiet ikkje fann han i kyrkja då dei ville pågripe han tidlegare i veka.

I staden var han heime i huset sitt i Herøy:

«Det er usikkert hvor lenge han hadde oppholdt seg der, men Kassembo forklarte at det bare har vært i en kortere periode i det siste».

Det kjem også fram at han samarbeidde med politiet då dei kom for å hente han.

Suel Kassembo blir sendt ut av landet.
Torsdag blei Suel Kassembo sin siste dag i Herøy kyrkje saman med presten Solfrid Leinebø Seljås.Fotografi: Støttegruppa for Suel Kassembo

Mange møtte i demonstrasjon

Saka til Suel Kassembo har vekt stort engasjement landet over.

Fredag var det demonstrasjon framfor Stortinget, og mange politikarar har engasjert seg i saka til Suel Kassembo. Fleire av dei tek til orde for at han bør få opphald, etter så mange år i landet.

Politiet har dei siste dagane vore tilbakehaldne med å seie noko konkret om når han skal sendast ut av landet, og om kva som ventar han i Burundi.

UD frårår nordmenn å reise til landet på grunn av uro.

En gruppe mennesker holder opp skilt. Skiltet i forgrunnen er stort og laget av papp med teksten "AMNESTI NO" og "RETTFERD FOR SUEL". Andre skilt har lignende budskap. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Skuleelevar demonstrerer for at Suel Kassembo skal få bli i landet. Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Vedgår at han er «borgar av Burundi»

Kassembo har heile tida hevda at han kjem frå Burundi. Då han kom til Noreg, fekk dei fleste frå landet opphald – og han ville truleg òg fått det dersom styresmaktene hadde trudd på forklaringa hans.

Det gjorde dei ikkje.

I grunngjevinga for pågripinga i går skriv politiets utlendingseining at han er «borgar av Burundi». Det skal vere første gong norske styresmakter slår fast dette.

Nyleg avviste politiet at dette var noko hovudpoeng.

– Det sentrale spørsmålet er ikkje om Kassembo er frå Burundi eller ikkje, men om han har behov for vern. UNE kom fram til at han ikkje hadde behov for vern, og derfor ikkje er verna mot retur til Burundi, svarte kommunikasjonssjef i UNE Torill Gulbrandsen torsdag.

Hevdar familien er drepne

Suel Kassembo kom til landet i 2004, og oppgav då at han var 16 år gamal. Han sa at han flykta frå Burundi etter at veslesystera og foreldra var drepne.

Men staten trur ikkje på historia hans, og han har tapt i både tingretten og lagmannsretten.

Retten slår fast at han pliktar å forlate landet og at han har brote utlendingslova grovt over lang tid. Menneskerettsdomstolen har sagt nei til å behandle saka hans.

Kassembo vil ikkje samarbeide om å reise tilbake til Burundi fordi han hevdar han er i livsfare dersom han gjer det. Dei siste to åra har han budd i kyrkjeasyl.

Suel Kassembo i Kyrkjeasyl i Herøy
Suel Kassembo har budd i kyrkjeasyl i Herøy i over to år. Der har lokalbefolkninga slått ring rundt han. Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK