Kvinner ser ut over vannmagasin.
SIRDAL: Hyttenaboane Sandra Janita Garpestad og Anita Tengesdal Ree ved Gravatn i Sirdal reagerer på den låge vasstanden. Foto: Pål Berg Mortensen / NRK

– Vasstanden er veldig låg. Det var det første vi la merke til då vi kom opp her, seier Sandra Janita Garpestad.

Ho har hytte rett ved Gravatn, som fungerer som inntaksmagasin for Tjørhom kraftverk i Sirdal.

Kvinne ser ut mot et magasin med lite vann.
Sandra Janita Garpestad håpar på påfyll i magasinet til hausten. Foto: Pål Berg Mortensen / NRK

– Der borte ser det ut som reine sandstranda, legg ho til og peiker mot magasinet.

Noreg gjekk inn i sommaren med ei uvanleg låg fyllingsgrad i vassmagasina, og i løpet av sommarmånadene har nivået minka ytterlegare.

Gravatn er inntaksmagasinet for Tjørhom kraftverk
Gravatn er inntaksmagasinet for Tjørhom kraftverk i Sirdal. Hyttenaboane merkar at det er lite vatn i magasinet. Foto: Pål Berg Mortensen / NRK

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sine tal frå utgangen av veke 28, viser at norske vassmagasin hadde ei fyllingsgrad på 62,8 prosent.

Berre tre gonger tidlegare har fyllingsgrada vore lågare i denne perioden dei siste 20 åra, i 2018, 2010 og 2006.

Verst i Sør-Vest og Midt-Noreg

Tala skjuler også store skilnader mellom landsdelane.

Historisk god fyllingsgrad i Nord-Noreg dreg opp snittet, og den låge vasstanden pregar særleg Midt- og Sørvest-Noreg.

I Midt-Norge (NO3) blei det sett ny rekord, då fyllingsgraden nådde sitt lågaste nivå på 20 år i veke 27.

Også i Sør-Vest (NO2) er vassnivået langt under normalen, og fyllingsgraden i veke 28 er den nest lågaste på 20 år.

Det norske kraftnettet
Grafikk: Oljedirektoratet

Det tørre og varme vêret held fram i Sør-Noreg denne veka.

Tilsiget er difor venta å halde seg lågt, noko som truleg vil presse magasinsituasjonen ytterlegare i sør i tida som kjem.

Det kjem tilbake til meg og deg

Stortingsrepresentant Mímir Kristjánsson (Rødt) er bekymra, og meiner Noreg har stilt seg i ein ekstremt dårleg posisjon.

Mímir Kristjánsson
Det kjem tilbake til meg og deg uansett, seier Kristjánsson. Foto: Erik Waage / NRK

– Når vi har eksportert så mykje straum i løpet av vinteren at vi no står med halvfulle magasin, så får det konsekvensar.

– Straumprisane er allereie høge, og dei kjem til å bli endå høgare når vinteren kjem. Det vil gå hardt ut over næringslivet.

Sjølv om noregspris dempar sjokket for vanlege forbrukarar, vil rekninga treffe folk flest indirekte, seier Kristjánsson.

– Når alle bedrifter i Noreg må betale meir for straumen, blir dei nøydde til å skru opp prisane på varene og tenestene sine. Dermed kjem det tilbake til meg og deg, seier Kristjánsson.

Som eit stort batteri

Analytikar Tor Reier Lilleholt i Volue er likevel ikkje uroa for den låge fyllingsgrada.

– Dei som er kritiske til systemet, ønsker ofte å krisemaksimere ein slik situasjon, seier Lilleholt.

Han anslår at ein må ned i ei fyllingsgrad på 7 til 10 prosent, før ein kan begynne å snakke om at det kritisk for straumforsyninga.

– Prisane blir høgare, men det er på ingen måte kritisk for straumleveransen, seier han.

Tor Reier Lilleholt
Analytikar Tor Reier Lilleholt er ikkje uroa for at det er lite vatn i magasina. Foto: Leif Dalen / NRK

– Det er eit stort batteri, nå er det lite straum på batteriet, men det er ikkje tomt. Det er også veldig avhengig av kva som skjer dei neste månadane. Vi har den største nedbørsleveransen på hausten.

– Svingingar i vêret, for eit system som er 100 prosent avhengig av vêret, er heilt naturleg, legg han til.

– Det er slik kraftmarknaden fungerer

Lilleholt seier at noko av årsaka til at vi har låge vassnivå i magasina no, handlar om situasjonen i vinter.

I første kvartal av 2026, kom det ikkje meir enn 50 til 60 prosent av normal nedbørsmengde i Noreg.

Det var også svært kaldt, noko som førte til at straumforbruket auka.

Et stort steinfyllingsdam. Vann fyller reservoaret bak demningen. Omgivelsene består av steinete landskap med noe vegetasjon. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Blåsjø ligg i Suldalsheiene og er Noreg sitt største energimagasin. Foto: Ørn E. Borgen

Lilleholt er ueinig i Kristjánssons påstand om at vassnivået skuldast at vi har eksportert for mykje straum.

– Så langt i år så vi hatt nettoimport. Det er ein del av tilpassinga. Det er slik kraftmarknaden fungerer.

Kommunikasjonssjef i Lyse Kraft, Atle Simonsen, seier at dei ventar at straumprisane vil halde seg høge inn mot vinteren grunna den låge fyllingsgrada.

– Forbrukarane er godt sikra gjennom noregspris. Bedriftene kan også sikre seg gjennom fastprisavtaler, som no ligg på rundt 70 øre per kilowattime, seier han.

Atle Simonsen er kommunikasjonssjef i Lyse. Han står utenfor NRK i Rogaland og ser inn i kameraet.
Atle Simonsen er kommunikasjonssjef i Lyse. Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Vi er ikkje uroa for forsyningssikkerheita. Det er heller ikkje Statnett og NVE. Vi tar omsyn til denne situasjonen inn mot vinteren, når vi planlegg produksjon, og følger med på dette, legg han til.