En person fyller drivstoff på et kjøretøy. Personen holder en drivstoffpumpe i hånden og setter den inn i påfyllingslokket. Han har på seg en svart t-skjorte og mørke shorts. Bilen er hvit. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
MANGEL: Krigen i Midtausten gjer at IEA har uttrykt bekymring rundt mangel på drivstoff. Foto: Lars Martin Hunstad / NRK

Krigen i Midtausten kan gi mangel på drivstoff.

– Eg har ikkje så mykje tillit til Støre akkurat no seier, Henrik Almhjell Nilsen då NRK møter han på ein bensinstasjon i Oslo fredag.

To menn sitter i en varebil. Den ene mannen sitter i passasjersetet og ser mot kamera. Den andre mannen sitter i førersetet og ser ut av vinduet mens han holder på rattet. Utenfor bilen er det en gul og rød plakat med tekst. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Henrik Almhjell Nilsen har ikkje mykje tillit til Støre. Foto: Lars Martin Hunstad / NRK

Han seier han har merka drivstoffmangelen på lommeboka.

I fleire veker at har det vore lite trafikk gjennom Hormuzsundet. Ei viktig rute for verdas transport av olje.

Fredag ettermiddag kjem det meldingar om at sundet er opna for trafikk. Den vil vere opna så lenge det er våpenkvile i Libanon.

Israel og Hizbollah i Libanon blei torsdag samd ei våpenkvile som skal vare i ti dagar.

NHO har nyleg uttrykt bekymring for det dei meiner er manglande drivstoffberedskap.

Noreg har berre lager for 20 dagar med importstans, mot nabolanda sine 90 dagar.

– Det er veldig rart, for eg tenker at Noreg produserer olje. Me burde eigentleg ha nok til ei kvar tid, seier Olav Byklum.

– Roper ulv

IEA (Det internasjonale energibyrået) trur at Europa har seks veker igjen med flydrivstoff om ikkje Hormuzsundet opnar for fri trafikk.

– Det er eit paradoks at eit land som Noreg ikkje har kapasitet til å lage flydrivstoff, og at me har så lite lagerkapasitet, seier Frode Steen.

Han er professor i samfunnsøkonomi ved Noregs handelshøgskole (NHH).

Han trur likevel ikkje sommarferien står i fare på grunn av dette.

– IEA roper jo ulv, og det gjer dei med rette. Det dei håper på er at nokon høyrer og gjer noko med dette, seier han.

Flybransjen: – Ikkje mangel

Både flyselskapet SAS og Avinor seier til NRK at det ikkje er nokon mangel på flydrivstoff i Noreg no.

– Men det er uvisse om forsyningssituasjonen på flyplassane våre som alle andre, særleg viss konflikten held fram, skriv Avinor.

SAS-fly på Gardermoen
SAS seier dei har gjort grep for å auke robustheita. Foto: NTB

SAS skriv i ein e-post til NRK at dei har sett i verk tiltak for å auke robustheita.

– Den kraftige auken i drivstoffkostnader påverkar heile det globale flysystemet. Me har derfor også gjort enkelte prisjusteringar knytte til dagens drivstoffnivå, seier Øystein Schmidt, pressesjef i SAS Noreg.

Vurderer ulike tiltak

I eit intervju med NRK opnar statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) for ulike tiltak dersom krisa verkeleg slår til.

En eldre mann med hodetelefoner snakker inn i en mikrofon. Bakgrunnen er blå og uskarpt. Dette kan være en radio- eller podkast-innspilling. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) Foto: Peder Martin Bergholt / NRK

Mellom anna å spare på drivstoff, heimekontor, og grep for å at sikre viktige samfunnsoppgåver får forrang.

– Det blir i så fall ein ny kvardag for mange, men eg trur eg ville klart å leve med det, seier Bjørn Lervik.

Han er ikkje bekymra for drivstoffmangel.

– Eg er evig optimist og eg håper at politikarane klarer å løyse det før det kjem så langt, seier han.

En eldre mann sitter i førersetet på en svart bil. Han har på seg en rød pikétrøye og mørke shorts. Mannen ser mot kamera og holder begge hendene på rattet. Døren på førersiden står åpen. Bak bilen kan man se en veistrekning og noe bebyggelse. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Bjørn Lervik seier han er evig optimist. Foto: Lars Martin Hunstad / NRK

Merker det er dyrare

Støre ber også bønder og næringsdrivande om å planlegge for eigen beredskap.

Bonde Simon Buvarp driv med produksjon av egg, ammekyr og korn på garden i Namdalseid i Trøndelag. No står han overfor våronna, den tida på året han brukar mest diesel.

– Me fyller rundt 5000 liter diesel, og det blir nok betydeleg dyrare i år enn i fjor, seier han.

En bonde fyller på bensin på en traktor. I bakgrunnen kan man se en rød låve.
Simon Buvarp er bonde. Foto: Tariq Alisubh / NRK

Han meiner det er eit stort problem for næringa at drivstoffprisane er høgare.

– Det som er viktig no er å sørge for at det ikkje blir mangel på diesel. Om me skal auke sjølvforsyninga så kan det ikkje vere sånn at det skal bli dyrare og dyrare å produsere mat.

Avviser at folk må hamstre

Han avviser samstundes at folk bør hamstre drivstoff.

Heller ikkje Steen trur det blir behov for å fylle opp noko privat lager med drivstoff.

– Ein kan jo tenke seg at ein må byrje å spare på drivstoff. Men historia har jo så langt vist at me er ganske siviliserte og klarer å finne løysingar. Eg trur me kjem til å klare det denne gongen og, seier Steen.