Klokka 03.10 natt til laurdag fekk politiet melding frå ei privat adresse i Kvam i Vestland at to maskerte personar hadde tatt seg inn.
– Det var to maskerte og væpna menn, seier politiadvokat Trine-Benedikte Opdal.
Dei forsøkte å truge til seg verdiar ved bruk av skytevåpen, melder politiet.
Vart utsett for vald
Ein familie på fire var på adressa. Det var foreldreparet som kom i kontakt med gjerningspersonane.
– Dei to vaksne vart utsett for ulik grad av vald, seier Opdal.
Mannen i bustaden har måtte få behandling av helsevesenet. Dei to maskerte mennene fekk truleg ikkje med seg nokon verdigjenstandar.
– Dei to mindreårige barna fekk ikkje med seg hendinga, seier politiadvokat Trine-Benedikte Opdal.
Etterforskinga går for fullt
Kriminalteknikarar har vore på staden i ettermiddag, og politiet jobbar vidare med ulike hypotesar.
No ynskjer politiet tips i saka.
– At folk i området kring Øystese sjekkar det dei har av kameraovervaking, det vere seg kamera på bil, kamera på dørklokker og liknande, og om dei ser noko mistenkeleg i tidsrommet 02:00 til 04.00 om å kontakte politiet, seier Opdal.
– VI har ingen opplysningar per no at nokon andre i bygda skal vere i fare.