I ein fersk tilsynsrapport får Valdres fengsel kritikk på fleire område. Dette er særleg knytt til rettstryggleiken og velferda til dei innsette, og dessutan manglande fokus på personvern.
Rapporten kjem etter at Tilsynsrådet for kriminalomsorga var på tilsyn i februar i år.
Sjølv vil ikkje leiinga stille til intervju om saka før dei har svart Tilsynsrådet innan utgangen av august, men har svart på enkelte av NRKs spørsmål på e-post.
– Tilsvaret vårt vil bli offentleggjort av Tilsynsrådet på nettsidene deira, skriv fungerande einingsleiar i Kriminalomsorgen, Kim Raymond Nilssen, til NRK.
Sjå meir av svaret deira lenger ned i saka.
Fengselet er eit lågtryggleiksfengsel som husar inntil 25 innsette. Fengselet ligg på den privateigde øya Slidreøya, like utanfor kommunesenteret i Vestre Slidre i Innlandet.
Bilde på Facebook
I rapporten kjem det fram at fengselet skal ha publisert bilde av dei innsette på Facebook utan samtykke.
Tilsynsrådet anbefaler nå at fengselet «unngår å publisere bilde av innsette som ikkje har samtykt til det, på offentlege nettsider».
Sjølv nektar fengselet for at dei har publisert slike bilde.
– Kriminalomsorga Innlandet har ikkje opplysningar som tilseier at det har vore publisert bilde av innsette på Facebook utan samtykke, skriv Nilssen.
Innsette som tolk
I rapporten rettar Tilsynsrådet også kritikk mot fengselet sin bruk, eller nærare bestemt manglande bruk, av tolk.
Sjølv om fengselet har fleire utanlandske innsette, brukte dei null kroner på tolk i 2025, noko som også var tilfellet då fengselet blei besøkt i februar.
På same tid som tilsynet fann stad, hadde fengselet fleire innsette «som i liten grad forstod eller gjorde seg forstått på norsk eller engelsk».
I fleire ulike samtalar, mellom anna med helseavdelinga, blei ikkje tolk nytta. Dette sjølv om rådet sjølv oppfatta eit behov blant innsette for «slike samtalar» blant dei innsette.
Dette skjedde sjølv om Tolkelova pålegg fengselet å «bruke tolk når det må til for å vareta omsynet til rettstryggleik eller for å yte forsvarleg hjelp og teneste».
– Fengselet bør, så langt mogleg, ikkje legge opp til at fengselet får hjelp av medinnsette til å tolke, spesielt når det gjeld sensitive opplysningar. Tilsynsrådet registrerer også at innsette som kan gjere seg forstått i enkle ord, likevel kan ha behov for tolk for å forstå meir kompliserte vedtak, skriv rådet i rapporten.
Rådet anbefaler no at fengselet, når dette er nødvendig, nyttar tolk.
Avisa Valdres har også omtala rapporten.
Meiner besøkande kan sjå innsette
Rådet rettar i tillegg kritikk mot manglande kontroll på kven som kan sjå dei innsette.
Fengselet ligg på ei privateigd øy der grunneigaren sjølv bur. Dette fører til at eigaren sjølv må passere fengselsbommen for å komme til eigedommen sin. Grunneigaren har derfor signert ein teielovnad, noko tilsynsrådet skriv at eigaren sine besøkande ikkje gjer.
– Tilsynsrådet er kritiske til at utanforståande kan observere og opphalde seg i nærleiken av innsette utan teieplikt, skriv rådet vidare i rapporten.
Fengselet har nå blitt bede om å svare på om dei innsette har vore kjente med at ei slik erklæring har mangla, eller ikkje.
– Fungert i 40 år
Grunneigar på øya, Ola Satalien Øyen, opplyser at det berre er eit mindre område av øya som blir leigd ut til drift av fengselet.
– Av driftsomsyn er bom for inngangskontroll plassert ved brua. Alle som skal ut til øya må passere denne.
Øyen understrekar at passering av bommen ikkje gir tilgang til området rundt fengselet.
– Når folk kjem på besøk til meg, så tar eg dei ikkje med på fengselet sitt område. Alle som skal inn på fengselet sitt område vender seg til vakta og underteiknar teielovnad. Dette har fungert i 40 år utan problem!
Vil ikkje svare
Kim Raymond Nilssen bekreftar at fengselet, når dette er nødvendig, skal nytte tolk.
– Vi er kjende med opplysningane i rapporten. Desse forholda, saman med resten av spørsmåla i førespurnaden din, inngår i den pågåande gjennomgangen av rapporten.
– Vi ønsker derfor ikkje å konkludere om dei konkrete forholda før gjennomgangen er ferdigstilt.
NRK har stilt Nilssen fleire spørsmål om bruken til fengselet av tolk, blant anna om når ei tolketeneste sist blei nytta. Spørsmåla har ikkje blitt svart på.