U.S. Senate Democratic candidate Abdul El-Sayed appears on stage, with vote counting continuing for Michigan's Democratic U.S. Senate primary, during an election night rally in Detroit, Michigan, U.S., August 5, 2026. REUTERS/Rebecca Cook
MOT SIGER: Den venstreorienterte Abdul El-Sayed går mot siger under primærvalet i Michigan onsdag morgon. Foto: Reuters

Det har vore eit jamt val mellom dei to kandidatane Abdul El-Sayed og Haley Stevens i oppteljinga natt til onsdag.

Valdeltakinga sette ny rekord med over 1,2 millionar avlagde stemmer.

Etter at 93 prosent av stemmene er talde onsdag morgon klokka 10, viser prognosane til NBC News at El-Sayed kjem til å vinne valet.

Klokka 10 skilje det berre 20.000 stemmer mellom dei to kandidatane.El-Sayed har 48,7 prosent av stemmene mot Stevens sine 47,3 prosent.

Det går difor mot ein siger til den venstreorienterte Israel-kritikaren under primærvalet i Michigan.

Haley Stevens og Abdul El-Sayed.
Slaget står mellom Haley Stevens og Abdul El-Sayed. Foto: Finn Gomez, Getty Images/Julia Demaree Nikhinson, Ap

Kamp om plassane i Senatet

Det har strøyma veljarar til stemmeurnene i heile USA dei siste månadane.

Nå er det primærval i Kansas, Missouri, Washington, Virginia og Michigan.

Partia sine veljarar stemmer på kven som skal vere partia sine kandidatar til mellomvalet i november, blant anna.

For kva slags demokratar eller republikanarar skal folk i kvar enkelt stat ha å velje mellom, til ein av dei 435 plassane i Representantane sitt hus og dei 35 plassane i Senatet?

Den amerikanske kongressen.
Kven skal innta dei mange kontora her, etter valet i november? Foto: ALEX WROBLEWSKI / AFP,NTB

Nettopp kva slags kandidatar som går sigrande ut av desse primærvala, kan bli heilt utslagsgivande for om partiet vinn seter i den enkelte staten.

Demokratane er på offensiven og prøver å vinne tilbake fleirtalet i Kongressen, både i Representantane sitt hus og i Sentatet.

Dei siste målingane viser at Demokratane har gode sjansar til å vinne tilbake fleirtalet i Representantane sitt hus. Men i Senatet er det meir dødt løp.

Mykje står på spel, kanskje spesielt i den viktige vippestaten Michigan.

«Vinn eller forsvinn»

Der skal demokraten Gary Peters gi seg som senator, og difor vil det bli open kamp om denne plassen mellom partia.

– Michigan-setet er eit sete demokratane må vinne for å i det heile tatt ha håp om å vinne tilbake Senatet.

Professor David Lublin ved American University.
Professor David Lublin ved American University. Foto: Privat

Det seier professor og valforskar David Lublin ved American University.

– Dette er eit sete dei må klare å halde på, seier han.

Kven skal forsvare det demokratiske partiet sin posisjon som Michigan-senator?

Det står mellom Abdul El-Sayed (41) og Haley Stevens (43). Den første langt til venstre i det demokratiske partiet, og den andre litt til venstre, men ganske moderat.

Det er synet på Israel og krigen i Gaza som skil dei to kandidatane aller tydelegast frå kvarandre.

El-Sayed meiner USA må stoppe all militærhjelp og våpensal til Israel, og har kalla krigen i Gaza for eit folkemord.

Stevens meiner på si side at det ikkje går føre seg eit folkemord på Gaza, og skal ha motteke kring 30 millionar dollar – 286 millionar norske kroner – til valkampreklame frå den pro-israelske lobbygruppa AIPAC, ifølgje AdImpact.

Hør Oppdatert-episode om lobbygruppens makt i USA:

Israel-lobbyens grep om USA: Maktkamp i kulissene - Oppdatert

Det har vore heftig ordveksling på nettopp dette feltet frå begge dei to kandidatane i valkampen.

Den heftige skitkastinga kan øydelegge det demokratiske partiet sine sjansar til å vinne Senator-plassen i Michigan, uavhengig av kven som skulle gå sigrande ut, meiner Lublin.

Michigan er ein stat med mange muslimske og jødiske veljarar.

– Vil ein ende opp med å støyte frå seg veljarar? Vil ein ende opp med å få muslimske veljarar som vil tenke at dei ikkje kan stemme på Stevens, fordi ho er for pro-Israel? Og jødiske veljarar som tenker dei ikkje kan stemme på al-Sayed, fordi han er for anti-Israel?

– Dei bytter truleg ikkje parti, men dei kan ende opp med å bli heime og la vere å stemme, seier Lublin.

Og då kan heller republikanaren Mike Rogers snappe Senator-setet.

Symbol for framtida til det demokratiske partiet

Kampen mellom Stevens og El-Sayed har også blitt symbolsk for framtida til heile det demokratiske partiet.

Det går føre seg ein kamp mellom progressive, eller venstreorienterte krefter, og meir moderate krefter, om kontrollen i partiet.

From left foreground, U.S. Rep. Alexandria Ocasio-Cortez, D-N.Y., Michigan Democratic U.S. Senate primary candidate Abdul El-Sayed, and U.S. Sen. Bernie Sanders.
El-Sayed hand i hand med den progressive kongresskvinna Alexandria Ocasio-Cortez frå New York og den venstreorienterte senatoren Bernie Sanders, tidlegare i sommar. Foto: Jose Juarez / FR171038 AP,NTB

Difor har valkampen i Michigan fått celeber merksemd.

Både den progressive kongresskvinna Alexandria Ocasio-Cortez frå New York og den venstreorienterte senatoren Bernie Sanders har reist dit for å støtte El-Sayed.

Han har også fått med seg Hasan Piker, ein av verdas største venstreorienterte profilar på strøymeplattforma Twitch. Dei har klart å mobilisere mange unge veljarar etter store arrangement på fleire universitetscampusar.

Streamer Hasan Piker, left, and Abdul El-Sayed, a progressive candidate in the Democratic primary for U.S. Senate in Michigan, center right, take a selfie with young fans following a campaign event.
Hasan Piker og Abdul El-Sayed saman med ein haug studentar, under eit valkampmøte ved University of Michigan i april. Foto: Julia Demaree Nikhinson / AP,NTB

Stevens får derimot støtte frå dei moderate kreftene i partiet, både avtroppande senator Gary Peters, guvernør Gretchen Withmer i Michigan og senator Chuck Schumer.

AIPAC-pengane skal også ha blitt brukt på valkampannonsar kor tidlegare president Barack Obama roste Stevens, som ein gong var med i ei arbeidsgruppe i hans administrasjon, ifølge New York Times.

Obama har ikkje sjølv offentleg gått ut og støtta Stevens.

Rep. Haley Stevens, D-Mich., a candidate in the Democratic primary for U.S. Senate, and Sen. Gary Peters
Avtroppande senator Gary Peters har delteke på valkamparrangement og støtta Haley Stevens. Foto: Julia Demaree Nikhinson / AP,NTB

Så langt har progressive kandidatar vunne fram i primærvala både i Colorado, Illinois, New Jersey og New York.

På dei aller siste målingane for valet tysdag, låg progressive El-Sayed an til siger. Altså kan partiet sjå ut til å gå meir mot venstre.

Lublin følgjer situasjonen i Michigan tett.

– Er demokratane i ferd med å gjere som republikanarane har gjort i fleire år, nemleg å velje folk som er for ekstreme for staten, og dermed tape seter dei eller kunne ha vunne? Er dei i ferd med å bli «MAGA-fisert», i mangel på eit betre uttrykk? spør han.

Abdul El-Sayed, a progressive candidate in the Democratic primary for U.S. Senate in Michigan, takes part in a fitness class as he visits Eastern Market on election day.
Abdul El-Sayed deltok på ei treningsøkt på valdagen. Skulle han vinne, blir han den første muslimske senatoren i USA. Foto: Julia Demaree Nikhinson / AP,NTB

Skulle El-Sayed vinne, så vil det bli heilt avgjerande å sjå kva som skjer i november, meiner Lublin.

– Taper han setet i Senatet, så vil det vere eit stort nederlag for argumenta til den progressive delen av partiet, om at ein treng svært venstreorienterte kandidatar for å vinne val, seier Lublin.