Det er våren 2015.
Vårin er midt i russetida og har nettopp vakna til ein ny dag med fest og moro.
Men det er noko som ikkje stemmer.
– Eg merka at det var noko rart som skjedde i kroppen.
Faren hentar ho, og reager på korleis ho ser ut.
– Han sa, kva har skjedd med deg, du er heilt grøn i ansiktet, hugsar ho.
Faren køyrer ho raskt til sjukehuset. Vårin har nemleg diabetes og dei mistenker syreforgifting.
– Den natta tenkte eg at noko er alvorleg gale. Om morgonen fall eg i koma.
Heldigvis er Vårin på sjukehuset når ho mister bevisstheita og legane kan leggje ho i kunstig koma.
Dei skjøner at det er hjernehinnebetennelse, og ikkje komplikasjonar med diabetes, som gjer Vårin så sjuk.
Russen er ekstra utsett
Kvart år blir rundt 25 personar i Noreg smitta av hjernehinnebetennelse.
Unge mellom 16–19 år har høgast risiko for smitte.
Karine Norstrand, overlege ved Folkehelseinstituttet, forklarar at spesielt russ er utsett for hjernehinnebetennelse.
– Smitte spreier seg lettare når mange er tett saman, til dømes på festar, ved deling av flasker og ved nær fysisk kontakt.
Med andre ord; russetida er ei smittebombe.
Utydelege symptom
Nokre tidlege symptom på hjernehinnebetennelse er feber, hovudverk, muskelverk, diaré og nedsett allmenntilstand.
Difor er det ikkje er lett å skilje hjernehinnebetennelse frå andre infeksjonar.
– Eg var litt stiv i nakken og kjente meg uggen. Men eg kunne like gjerne ha vore bakfull, hugsar Vårin.
Eit særeige symptom er det raude, prikkete utslettet ein får ved hjernehinnebetennelse.
Men dette fekk ikkje Vårin.
– Sjukdomen kom snikande. Eg kunne berre tenkt at eg var vanleg slapp.
Vårin fortalde først historia si til NRK i 2016:
Vil ha vaksine til alle
Ifølgje FHI er den beste måten å beskytte seg mot hjernehinnebetennelse å ta vaksine.
Desse vaksinane er ikkje ein del av barnevaksinasjonsprogrammet og det er difor opp til kvar enkelt kommune om dei vil tilby vaksinane gratis.
Vaksinen mot den vanlegaste bakterietypen, ACWY-vaksinen, kostar rundt 400 kroner.
– FHI har føreslått at ungdom i 10. klasse skal få tilbodet om ACWY-vaksinen som ein del av barnevaksinasjonsprogrammet, seier Nordstrand.
Forslaget vart sendt til Helse- og omsorgsdepartementet sommaren 2023, men det er framleis ikkje tatt ei endeleg avgjerd.
I år har rundt halvparten av VG1-elevane tatt ACWY-vaksinen, ifølgje FHI sine tal.
– Vaksinen bør vere gratis. Det bør ikkje vere ulikskap rundt kven som han ta han, meiner Vårin.
Måtte lære alt på nytt
Etter fleire dagar, vakna Vårin frå koma.
– Eg var heilt forvirra. Eg hugsa ikkje så mykje.
Legane kjempa hardt for å overvinne infeksjonen.
– At dei klarte det er eit vedunder, seier ho.
At faren raskt forstod alvoret av sjukdomen hadde alt å seie.
– Hadde eg ikkje allereie vore på sjukehuset, hadde eg stroke med. I verste fall er det ein dødeleg sjukdom.
Ho sleit med dårleg høyrsel og at hjernen jobba treigt i fleire år etterpå.
– Men eg er eigentleg ganske frisk i dag, smiler ho.
Ho har ei klar oppmoding til foreldre og russen.
– Det er viktig å ta vaksinen. Det er mogleg å ha det gøy i russetida samtidig som ein passar på.