Medan fineveret har prega store deler av Austlandet i sommar og haust, har det vore uvanleg mykje nedbør andre stader i landet.
No varslar meteorologane at det kan bli ei uvanleg varmebølgje fleire stader i Noreg.
Småbarnsfedrene Simen Husøy og Jonas Janbu Høgseth frå Elnesvågen i Molde var på trilletur i Ålesund onsdag ettermiddag. Dei lengtar etter sol og varme.
– Vi ventar framleis på sommaren, vi treng litt godver, ler Husøy.
– Eit par-tre veker hadde vore heilt konge, men det er vel optimistisk her, legg Janbu Høgseth til.
– Uvanleg
Det er ikkje berre i Møre og Romsdal det kan bli varmt.
Eit høgtrykk aust for landet og eit lågtrykk rundt Island skaper håp om uvanleg varme neste veke over store deler av landet.
– Når vi er midt mellom dei to, får vi ganske kraftige luftstraumar frå sør og inn i Noreg. Det blir varm luft som kjem frå Middelhavet og områda der, seier statsmeteorolog Marek Ratajczak ved Meteorologisk institutt til NTB.
Han seier situasjonen er uvanleg.
– Det er ei uvanleg situasjon med så høge temperaturar så seint på året og vi går inn i oktober, seier han.
Varmast i Sør- og Midt-Noreg
Meteorologen seier det er størst sjans for å bli over 20 grader i Sør- og Midt-Noreg, men han utelukkar heller ikkje at det kan bli over 20 grader i Nord-Noreg.
Varmerekorden for oktober blei sett i Molde by i 2004. Denne kan no stå for fall.
– Om vi får rekordar vil bli styrt av kva som kjem av regn framover - og vindstyrken. Men at det blir over 20 grader fleire stader, er ganske sikkert, seier meteorologen.
Har bestilt tur til Granca
Dei to småbarnsfedrene i Ålesund karakteriserer sommarveret som forferdeleg. Ein av dei har sikra seg. I oktober reiser familien til Gran Canaria for å sole seg.
Men først skal dei nyte varmen heime.
– Vi må prøve å få utnytta godveret, både å trille og få lufte hunden skikkeleg, og gjere mest mogleg ute, seier Jonas Janbu Høgseth.
– Vi har ikkje hatt sommar, ingenting. Det sto i Sunnmørsposten at sommaren var over. Då tenkte eg: kva for sommar? spør Øyvind Frøland.
– Kor lenge trur du fineveret varer no då?
– Vi tek ein dag av gangen i Ålesund, det har vi lært.