Etter det oppheita folkemøtet på Kyrkjebø skule sit innbyggjarane framleis att med store spørsmål om framtida til drikkevatnet sitt.
Svaret frå kommunen er at situasjonen vil ta tid.
– Kommunen kan ikkje på noverande tidspunkt seie noko om når drikkevatnet på Kyrkjebø vert friskmeldt, men følgjer situasjonen tett, seier kommunalsjef for samfunn, Jan Kaare Hellevang til NRK.
Hellevang opplyser at kommunen får ekstern bistand i arbeidet med å sikre reint og trygt drikkevatn, og at det blir jobba med konkrete tiltak for å justere drifta av det omstridde vassverket.
I mellomtida opprettar kommunen fleire drikkestasjonar der innbyggjarane kan hente vatn.
Helsesjefen: – Ikkje grunn til stor bekymring
Kommunalsjef for helse, Bente Nesse, kjem med ei tydeleg formaning om at vatnet ikkje skal drikkast eller nyttast til matlaging. Ho understrekar samstundes at målingane ikkje gir grunn til panikk:
– Vatnet er framleis innanfor sikkerheitsmarginen, men det er viktig å få ned nivået, seier ho.
Nesse står fast på avgjerda om å ikkje kalle inn dei yngste barna til generelle helseundersøkingar, og meiner det ikkje ligg føre noko «klart fagleg føremål» for dette.
– Slike undersøkingar kan skape falsk tryggleik hjå foreldre, ved at dei gir inntrykk av at ein veit kva teikn eller tilstand ein skal leite etter, medan det i realiteten ikkje finst fagleg grunnlag for dette, seier Nesse.
Som snytt ut av eit Ibsen-drama
Den fastlåste situasjonen i Høyanger har den siste veka fått fleire til å dra historiske parallellar.
I Henrik Ibsen sitt skodespel En folkefiende hamnar ordføraren Peter Stockmann i ein real skvis når hans eigen bror oppdagar at vatnet i kystbyen er forgifta.
Parallellen til Høyanger, der ordførar Petter Sortland har same initialar, har ikkje gått upåakta hen.
I Ibsen-stykket blir vass-skandalen «løyst» ved at maktapparatet snur seg mot varslaren og erklærer han som ein folkefiende som spreier frykt og panikk.
På tilsvarande vis har Høyanger-ordføraren gått til frontalangrep på Folkehelseinstituttet (FHI).
Bakgrunnen er at FHI først åtvara mot irreversible nerveskadar, før dei seinare modererte seg til å seie at drikkevatnet på Kyrkjebø «kan vere uheldig for små barn».
– Dei har vigla opp stemninga, seier Sortland.
– Dei har skapt frykt, sinne, uro og frustrasjon hos innbyggjarane, og har sett kommunen i eit svært dårleg lys.
Til dette svarer Folkehelseinstituttet at dei vil evaluere sin eigen kommunikasjon i saka:
– Vi tek til oss den kritikken, og skal sjå på det i etterkant. Men dette er eit svært komplekst område å driva kommunikasjon på.