Bonde som ser på den våte marka
Bonden Erik Hafstad ser på den øydelagde marka, ein konsekvens av regnet. Foto: Ragnhild Nyhammer / NRK

Bonden Erik Hafstad går med tunge skritt gjennom det høge graset. For kvart steg han tek, kjem det ein ekkel og våt lyd frå den gjennomvåte jorda.

Det skulle bli nytt og friskt gras til dyra, men alt bonden ser er køyrespor og sørpete mark.

Bildet viser ein raud traktor på ein våt bø
Erik Hafstad håper å bli ferdig med slåtten før graset blir øydelagt. Foto: Ragnhild Nyhammer / NRK

– Vi skulle vore ferdig med fyrste runde, men vi fekk berre tre opphaldsdagar i juni. Det er ikkje optimalt.

Dei fleste bønder får slått graset to eller tre gongar i løpet av ein sommar. Men når den første innhaustinga blir kraftig forsinka, får det også konsekvensar for resten av sommaren.

– Det er vanskeleg når det er så mykje vatn som det har vore i sommar. Det er myrjord mange plassar og ein er avhengig av god drenering, seier Hafstad.

Ein kan bli både lei og deprimert

Det er ikkje berre i Sunnfjord at graset står lenger enn det skal i år. Leiar av Vestland Bondelag, Jan Erik Fløtre, fortel at dette gjeld mange stader i landet.

Leiar i vestland bondelag, Jan Erik Fløtre
Leiar av Vestland Bondelag, Jan Erik Fløtre, ser mange konsekvensar med å slå graset så seint. Foto: Privat / NRK

– Ein kan bli lei og deprimert når ein går og studerer dette vêret. Bonden veit at foret som skal brukast framover ikkje blir så godt som ein hadde ønska.

Det at bøndene ikkje får kome ut på våte bøar og slege graset får fleire konsekvensar. Når graset blir gult er det eit tydeleg teikn på at det er mindre næring i foret. Det kan igjen føre til at bøndene må bruke meir kraftfor. Ei dyrare løysing for dei som produserer mat.

Når marka er for våt er det større sjanse for at jorda blir øydelagd. Sluttresultatet blir mindre gras og mykje ekstraarbeid for bonden.

– Vi har område her i vest som har betydeleg meir nedbør. I den ideelle verda skulle graset vore slått for 1–2 veker sidan, seier leiaren i Vestland Bondelag.

Mykje meir regn enn normalt

Klimaforskar Reidun Gangstø kan skrive under på at det har regna mykje i den første sommarmånaden.

– I heile landet har det vore 55 prosent våtare enn normalt i juni, seier Gangstø. Det gjeld spesielt deler av Vestlandet, Sørlandet, Midt Noreg og Nord-Noreg.

Reidun Gangstø
Klimaforskar Reidun Gangstø peikar ut Vestlandet som den våtaste plassen i Juni. Foto: Helge Tvedten / NRK

Her er dei våtaste stasjonane i heile landet i juni, ifølgje Meteorologisk institutt

  • Brekke i Sogn (Gulen, Vestland) 300,1 mm (70 prosent meir nedbør enn normalt)
  • Hovlandsdal (Fjaler, Vestland) 275,5 mm (64 prosent meir nedbør enn normalt)
  • Myrkdalen-Vetlebotn (Voss, Vestland) 273,4 mm (78 prosent meir nedbør enn normalt)

Varselet for dei neste tre månadane, juli, august og september, viser ein varm sesong i heile landet, særleg i sør.

Når det gjeld nedbør er det forventa at Nord-Noreg får tre månadar med vått vêr. På Austlandet blir det mest sannsynlegvis tørt, mens i Trøndelag og på Vestlandet er det meir usikkert.

kart over nedbør juni 2026
Kartet viser nedbør for Noreg Juni 2026. Grafikk: Meteorologisk institutt

Bonden jobbar dag og natt

På Nordmøre har bonden Anders Øverås rundt 350 dekar med gras og vel 100 storfe med smått og stort som skal förast. Også han har slite med å få avlinga i hus.

Anders Øverås inne i storfegarden
Storfebonden Anders Øverås håper å få nokk grovfôr til dyra. Foto: Privat / NRK

– Graset får dårlegare kvalitet og begynner å bli ganske gammalt. Det blir som eit vomfyll til kua utan at ho får næring av det.

Det skulle vore slått for 14 dagar sidan, men grunna regnet, har det vore vanskeleg. Øverås har kasta seg rundt når sola først kjem.

– Eg har jobba dag og natt og har måtte leigd inn entreprenør for å komme i mål. Så har eg heldigvis ein romsleg arbeidsgjevar som gjev meg fri når eg treng det.