– Det er eit populært område for villcamparar. No kjem dei seg rett og slett ikkje over att, seier innsatsleiar for Gloppen brannvesen, Joar Flølo.
Tidleg torsdag ettermiddag vart mannskap kalla ut då villcamparar ikkje kom seg vekk frå det som i løpet av natta vart til ein liten holme i Våtedalselva mellom Gloppen og Sunnfjord kommunar.
Det var Firda Tidend som først omtala saka.
Stengd inne av vassmassane
Ein av dei som fekk merke naturkreftene var Elien Illegems frå Belgia. Ho var på veg tilbake til heimlandet då vatnet plutseleg stengde vegen.
– Eg tenkte at det kom til å gå fint og at vi berre kunne vente til vatnet gjekk ned att. Men det vart berre høgare og høgare, fortel Illegems.
Då situasjonen tilspissa seg, skjøna ho alvoret.
– Eg vart plutseleg stengd inne saman med to tyske familiar, og då var det ikkje særleg morosamt lenger. Eg følte meg veldig dum, for eg visste jo at det kom til å regne.
Ein av dei tyske turistane var Lukas Langguth, som var på utflukt saman med familien sin.
– Vi såg på ein camping-app at dette var ein fin plass å overnatte. Vi vakna av at ein av dei andre camparane banka på døra og gav beskjed om situasjonen.
Då dei såg ut av bubilen, fekk dei seg ein real overrasking.
– Plutseleg var vi på ei øy. For ein dag, seier han og ler
Vegen står ein meter under vatn
– Dersom elva har vore på topp no, så blir bilane ståande. Er det fare for at elva veks ytterlegare, så har vi folk som jobbar med å prøve å få bilane over, seier Joar Flølo.
I løpet av ettermiddagen kom bilberginga i gang. Ein og ein bil blei køyrt til Byrkjelo og alle dei tre bilane er no berga trygt over.
Turistar som blir overraska av den raskt veksande Våtedalselva er ikkje noko nytt fenomen. Mange tek ein avstikkar frå E39 til elvebreidda for å overnatte tett på naturen.
– Det skjer av og til at nokon blir ståande att, seier Flølo.
– Har de vore ofte ute på desse oppdraga?
– Nei, dei har som regel klart å ordne seg sjølv, og bilbergar har fått bilane over. Desse prøvde rett og slett for seint å komme seg over att.