En mann stuper i havet. Kroppen hans er loddrett i luften med hodet og armene først på vei ned i vannet. Bak ham synes en grønn øy.
HOVUDET FØRST: Inn i sol, varmt vatn – og kanskje vibriobakterien. Foto: Krister Sørbø / NRK

I 2025 blei det registrert rekordmange infeksjonar av dei «kjøttetande» bakteriane vibrio og shewanella.

Hete­bølga sørgde for at temperaturen i sjøen låg på langt over 20 grader fleire stader i landet. Då trivst vassbakteriane godt.

No rullar ei ny varme­bølge inn over Sør-Noreg. Med temperaturar opp mot 30 grader sør i landet, aukar bade­temperaturen og risikoen for vass­bakteriane.

Per 9. juli er det hittil i år registrert 38 smittetilfelle av vibrio og shewanella.

– Global oppvarming i områda våre fører til auka temperaturar og meir nedbør og avrenning frå land. Det gir varmare, ferskare og næringsrikt kystvatn, noko bakteriane liker godt, forklarer forskingssjef Cecilie Smith Svanevik ved Havforskingsinstituttet (HI).

Ho leier eit forskingsprosjekt som ser på førekomsten av vibrio langs norskekysten.

En forskningslab med flere glass og beholdere på et hvitt bord.
Laboratoriet til Cecilie Svanevik og forskingsteamet ved Havforskingsinstituttet. Foto: Cecilie Svanevik / Havforskningsinstituttet

– Ønskt meir kunnskap

Bakteriane blir kalla kjøttetande fordi dei i alvorlege tilfelle kan forårsake blodforgifting og infeksjon som drep vevet rundt sår.

Shewanella blir rekna som mildare. Hos sårbare grupper kan vibrio vere livsfarleg.

Smitte skjer normalt om ein badar i varm sjø med opne sår, ferske tatoveringar, eller kuttar seg på skjel i havet.

Mange pådrar seg kutt og infeksjoner ved å tråkke på skjell som stillehavsøsters.Bjørn Heidenstrøm/Oslofjorden friluftsråd/NRK
Mange pådrar seg kutt og infeksjoner ved å tråkke på skjell som stillehavsøsters.Bjørn Heidenstrøm/Oslofjorden friluftsråd/NRK

Bakteriane finst ikkje i varmt vatn. I tillegg trivst dei i varmare strøk og har derfor tradisjonelt ikkje vore eit problem i Noreg.

Det endra seg under rekord­sommaren 2018. Då fekk vi det første store vibrio­utbrotet. Året etter blei smitten gjord melde­pliktig.

FNs klimapanel åtvarar om at global oppvarming truleg vil føre til hyppigare vibrioutbrot på stader dei sjeldan er sett før.

– Vi har i mange år ønskt å få meir kunnskap om vibrio i Noreg. Det finst nokre få studiar, og den største kartlegginga blei sist gjord i 2004, seier Svanevik.

I 18 månader skal dei no ta prøver av sjøvatn og skjel for å kartlegge førekomsten og oppblomstringa av vibrio­bakteriar langs norskekysten.

Oftast ufarleg – kan gi alvorleg sjukdom

Vibrio­bakterien er ein naturleg del av havlivet. Av over 150 artar er dei færraste farlege for menneske, forklarer Svanevik.

Dei må ha spesifikke eigenskapar, som evna til å produsere gift­stoff, for å gjere oss sjuke.

– Derfor er det vanskeleg å overvake bakterien på ein formålstenleg måte. Vi veit nemleg ikkje om auka førekomst nødvendigvis betyr auka risiko for infeksjon.

En rød temperaturlogger i havet. Den måler temperaturen.
Denne eininga måler sjøtemperaturen kvar time heile døgnet. Svanevik ber badegjester som finn målarar merkte med «VibrioWave» om å la dei ligge i fred, eller kontakte HI dersom dei ligg på land. Foto: Lars Dyngeland / Bergen kommune

Forskarane vil kartlegge kor dei skadelege artane er.

– Då kan vi kanskje få laga eit varslings­system der vi bruker fjernmålings­data og hav­modellar til å føresjå utbrot i framtida.

I 2016 måtte ei 77 år gammal kvinne amputere beinet etter å truleg ha fått vibrio­infeksjon i eit kutt under bading i Oslofjorden.

Folkehelseinstituttet (FHI) understrekar at smitte framleis er uvanleg i Noreg, og at dei fleste infeksjonstilfella er milde. Bakteriane blir ikkje rekna som ein folkehelse­trussel i dag.

– Samtidig kan bakteriane i sjeldne tilfelle gi alvorleg sjukdom, særleg hos personar som badar med opne sår eller som har nedsett immun­system, seier Umaer Naseer, seksjons­leiar for Epidemietterretning ved FHI.

Desse bør unngå bading med utildekte sår i varmt sjøvatn.

Stuper uti uansett

– Vi mistar ikkje nattesøvnen over det her, akkurat, seier Eskil Kornelius Sjøstrøm.

NRK møter han og kompisen Tore Flesjå på den populære bade­plassen Sørenga i Oslo. Dei har høyrt om «den kjøttetande bakterien», men har begge lite kjennskapar til vibrioen sin residens i det norske havet.

Å lære om det no, stoppar dei likevel ikkje frå å stupe uti Oslo­fjorden.

Eskil Kornelius Sjøstrøm og Tore Flesjå stuper ut i Oslofjorden.
Eskil Kornelius Sjøstrøm og Tore Flesjå stuper ut i Oslofjorden.

– Altså eg har høyrt om at det finst i utlandet, men eg veit ikkje om det blir same greia, seier Sjøstrøm og snur seg mot kompisen.

– Jo, eg trur det. Eg har høyrt om det før, men eg tenker eigentleg lite på det. Det er vel trygt for oss uansett, svarar Flesjå.

To menn står på en brygge. Bak dem ser man havet. De har badet.
Tore Flesjå (t.h.) og Eskil Kornelius Sjøstrøm stuper uti Oslofjorden denne sommaren – Vibrio eller ei. Foto: Krister Sørbø / NRK

Dei er eigentleg langt meir urolege for helse­tilstanden til øko­systemet enn for deira eigen.

– Tilstanden i havet er verre enn nokon gong. Vi kan jo bade uansett kvalitet, men havlivet overlever ikkje nødvendigvis dei høge temperaturane og forureininga, seier Sjøstrøm.