I dag må pasientar i snitt vente i om lag fem og ein halv månad for behandlingar som ikkje reknast som akutthjelp.
No set regjeringa eit langsiktig mål:
Pasientar skal normalt vere i gang med eller ha fått behandling innan 60 dagar frå tilvisinga er mottatt.
– Det å vente kan vere ei stor belasting, og det å ha eit mål om å få ned ventetida på ein ansvarleg måte, det høyrer med ein helseteneste som har som mål å bevare tilliten, seier statsminister Jonas Gahr Støre på ein felles pressekonferanse med helseminister Jan Christian Vestre fredag.
Bonusordning for sjukehusa
For å nå det nye målet blir det rulla ut fleire konkrete tiltak, som blir presentert på ein pressekonferanse fredag morgon:
- «Mitt sjukehusval» blir enklare
Vestre lovar at det skal bli enklare å kunne velje behandlingsstad.
Med den nye løysinga skal pasientar med nokre få tastetrykk kunne velje behandlingsstad mellom offentlege sjukehus, og dessutan ideelle og private aktørar som har avtale med det offentlege. Dei fleste behandlingar skal inngå, og utbygginga startar straks.
- «Rett på time»
Sjukehusa skal nå sette opp pasientar på første ledige time, i staden for å sette opp pasientane nær datoen for å unngå fristbrot, slik praksis ofte er i dag
Endringa blir innført i alle helseføretak frå denne hausten.
- Digitalt timebyte på Helsenoreg
Dersom den oppsette timen ikkje passar, slepp pasientar snart å sitte i telefonkø for å finne ny ledig time.
Ein ny kalenderfunksjonalitet blir rulla ut på Helsenoreg i løpet av 2026 og 2027, slik at ein enkelt kan endre timen sin digitalt.
- Bonusordning for sjukehusa
For å få unna køane blir også økonomiske verkemiddel tatt i bruk. Det blir innført nasjonale insentivordningar der sjukehus som tar unna fleire behandlingar enn vanleg, får utbetalt ein rein bonus.
Helse Vest har allereie tjuvstarta med ei ordning for auka operasjonsaktivitet, der sjukehusa får ei auka betaling på om lag 40 prosent.
Dei andre regionale helseføretaka startar innføringa av liknande bonusordningar allereie i sommar.
Ikkje alle stiller seg bak Vestres ventetidslovnader. Sjå dei ulike reaksjonane her:
Store forventingar
Helseminister Vestre har store forventningar til dei nye tiltaka.
– I Noreg skal vi ha helse- og omsorgstenester i verdsklasse. Derfor må vi sikre at alle pasientar får hjelp innan rimeleg tid og ikkje blir ventande for lenge, seier Vestre.
– Kvifor vel de å utvide omgrepet ventetid?
– Det vi først og fremst har målt, er tida frå ein blir tilvist til ein startar behandlinga. Men no ser vi heile forløpet under eitt, og vi seier at det i snitt ikkje skal ta meir enn 60 dagar, seier Vestre til NRK.