– Eg har trua på selskapet. Dei har fått til noko som allereie var science fiction, altså gjenbrukbare rakettar, seier investor Jon Erik Nordskog.
I fleire år har investoren vore interessert i romfart, og han har følgt med på mange av SpaceX sine rakettoppskytingar frå PC-en heime.
Og når selskapet går på børs i USA i ettermiddag, får han og alle andre som er interessert i selskapet moglegheit til å kjøpe aksjar.
Planen er å selje aksjar for astronomiske 75 milliardar dollar. Ingen andre selskap har vore i nærleiken av same beløp under ei børsnotering.
Derfor er alles auge no retta mot Wall Street.
Må Oljefondet kjøpe aksjar i SpaceX? Sjå Politisk Kvarter her:
Høg etterspørsel etter aksjen
I forkant av børsnoteringa var det mogleg å teikne seg for SpaceX-aksjen til 135 dollar, og interessa har vore stor.
Før børsnoteringa bestilte Nordskog 10 aksjar – men fekk berre tildelt éin.
Allereie tidlegare denne veka meldte finansnettstaden Bloomberg at aksjen var meir enn fire gonger overteikna.
Her heime har norske kundar hatt moglegheit til å teikne seg for aksjar gjennom investeringsplattforma Nordnet.
– Det har vore ein astronomisk høg interesse, skriv landssjef for Nordnet Noreg, Mari Rindal Øyen.
Nordnett går ikkje ut med nøyaktig antal personar eller beløp, men skriv at samanlikna med tidlegare noteringa har SpaceX slått alle rekordar.
– Dette er den høgaste interessa nokon gong for ei børsnotering hos Nordnet, både når det gjeld antal personar og teikna volum i kroner, skriv ho i ein e-post.
Nordskog seier aksjen er dyr, men for han handlar det også om at selskapet bidreg til noko større.
– Når vi no har moglegheita til å investere i eit av dei mest spennande teknologiske selskapa i verda, som har store ambisjonar, er det noko eg vil vere med på, seier han.
Han meiner SpaceX gjer klokt i å tenke på korleis vi kan flytte menneske til andre planetar.
– Det er mange ting som kan skje med menneska her på jorda, men no har vi mogelegheita til å få menneske til månen og etablere ein koloni på Mars som kan vere sjølvforsynt og forhåpentleg vakse.
Er det gull på Mars?
Investeringsdirektør skeptisk til innteninga
Men skeptikarane trur det er vanskeleg å tene pengar på planane. Tala i rekneskapen viser også at selskapet ikkje tener pengar. I fjor hadde selskapet eit underskot på 4,94 milliardar dollar – eller nesten 46 milliardar norske kroner.
Analysehuset Morningstar meiner aksjen ikkje er verd meir enn 63 dollar – altså langt under halvparten av prisen Elon Musk har sett i forkant av børsnoteringa.
Investeringsdirektør Robert Næss i Nordea har tidlegare sagt til NRK at han ikkje ville tort å investere i selskapet.
– Selskapet får høge inntekter, men sit ikkje igjen med pengar. Å tru at dei skal tene vanvitig mykje pengar framover er eigentleg ei ganske vanskeleg utvikling å sjå, sa Næss.
Nordskog er klar over at mange er skeptiske til korleis selskapet skal tene pengar.
– Det er reelt at det er vanskeleg, og ein veit ikkje kva ein faktisk klarer å få til. Det er umogleg å seie kva som skjer om ti år til, men den teknologiske utviklinga går berre oppover, seier han.
Endringslogg: I ein tidlegare versjon av denne artikkelen stod det at Jon Erik Nordskog hadde sikra seg 10 SpaceX-aksjar. Han bestilte 10, men på grunn av stor overteikning fekk han berre kjøpt éin. Artikkelen blei endra 12. juni kl. 13.13.