Det gjekk berre tre dagar frå 100 polske arbeidarar fekk beskjed, før dei brått måtte forlate arbeidsplassane sine i Tomrefjord, Brattvåg, Søvik og Romania.
Bakgrunnen er ein konflikt med Noregs største verftskonsern, Vard.
– Folk er veldig redde og forvirra no. Dei har familiar i Polen, svoltne barn og forfalne rekningar å betale, seier Roman Adamczewski, dagleg leiar i Maxship Inter til NRK.
Måndag måtte dei tilsette i selskapet hans tømme skapa sine og gå.
Sjefen for underleverandøren var sjølv med inn på verftsområdet på Langsten måndag.
Han fortel om kaotisk stemning.
– Tilgangskorta blei inndratt laurdag, så fekk vi beskjed om å hente verktøy og utstyr før måndag klokka 8. Så vi fekk veldig kort tid på oss, og vi måtte følgast inn av eit vaktselskap.
Dei tilsette har budd på brakkerigg inne på verftsområdet. Adamczewski seier han har ordna med midlertidig plass å bu, inntil dei kjem seg tilbake til Polen.
Vard: – Har brote Vard sine etiske retningslinjer
Dagleg leiar hos Vard Interiors, Birgit Aarseth, vil ikkje svare på kva konkret den polske underleverandøren skal ha gjort gale.
– Dette skjedde som ei følge av at Maxship har brote Vard sine etiske retningslinjer, og dei strenge reglane Vard har overfor leverandørane sine, hevdar ho.
– Kva slags retningslinjer er det snakk om?
– Våre retningslinjer spenner frå krav til integritet og ansvarleg forretningsdrift, til etterleving av gjeldande lover og regler, samt respekt for grunnleggjande menneskerettar.
På spørsmål om Vard burde varsla dei tilsette tidlegare, skriv Aarseth at dei har varsla selskapet, og at dei igjen har ansvaret for å gje beskjed til dei tilsette.
Vard har tidlegare vore under kritisk søkelys frå styresmaktene, etter manglande kontroll på underleverandørar.
Varslar rettslege steg
Dei polske eigarane til Maxship skal ha vore i økonomisk uføre over fleire år.
Ifølgje Sunnmørsposten blei Maxship AS tvangsavvikla i mai 2020 fordi selskapet mangla revisor. Det skal også ha blitt stilt spørsmål om ei fleire mistenkelege pengeoverføringar.
Politiet etterforska saka, som i mai blei lagt bort. Trass konkursen heldt forretningane fram gjennom selskapet Maxship Inter, ifølgje regionavisa.
Den polske leiaren, Roman Adamczewski, som driv selskapet saman med bror sin, erkjenner at selskapet har store økonomiske utfordringar og er komne bakpå med lønn og skatt.
– Vard fekk varsel frå Skatteetaten og stansa derfor utbetalingane til meg, seier Adamczewski.
Han hevdar verftet no nektar å betale for tenestene deira, og fryktar at også Maxship Inter vil gå konkurs. Gjennom advokaten sin skal han ha sendt eit pengekrav til Vard, på nær 20 millionar kroner, for det han hevdar er uteståande lønnsutbetalingar frå september og oktober.
Truar med søksmål
No varslar den polske daglege leiaren at han vil ta Vard til retten.
Han hevdar selskapet gjennom ein «systematisk framgangsmåte» prøvar å øydelegge for små aktørar som han sjølv. Det skal vere ein måte for å overta kompetanse og fagfolk.
– Vard har tatt direkte kontakt med Maxships tilsette og tilbydd dei jobb, hevdar Adamczewski.
Han seier han vil kjempe for at dei tilsette, som har bygd interiør på tre båtar, skal få løn.
Det har ikkje lykkast NRK å få nokon kommentar frå dei tilsette i det polske selskapet.
Avviser påstandar
NRK har lagt fram Adamczewski sine skuldingar for Vard. Dei kjenner seg ikkje igjen i desse.
–Vard meiner bestemt at dette er galne påstandar og skuldingar. Utover det vil vi ikkje kommentere ei pågåande rettsleg usemje mellom Vards og Maxships advokatar, seier dagleg leiar hos Vard Interiors, Birgit Aarseth.
Ho avviser også at kontraktsbrotet har noko med manglande betalingsvilje å gjere.
Ifølgje Maxship skal eit av dei tre skipa dei arbeidde på vere leveringsklart i slutten av månaden.
– Det vil ta nokon dagar å mobilisere nye arbeidarar, men vi reknar ikkje med store forseinkingar, seier Aarseth.
Endring: Det sto tidlegare at det berre gjekk to dagar frå beskjeden kom, til arbeidarane måtte ut frå Vard. Det korrekte skal vere tre dagar. Endra 12. oktober klokka 18.19.