Children play in an underground shelter during an air raid alarm during the traditional back to school celebrations in Kyiv
UNDER BAKKEN: Barn i Kyiv leikar i eit tilfluktsrom på første skuledag 1. september i år. Foto: Francisco Seco / AP,NTB

Presisering: NRK har endret teksten til å omfatta både drepne og skadde, ikke bare drepne. Tala kjem frå Unicef., og endringa er gjort laurdag 12.09.26 klokka 18.27

– Sommaren har vore frykteleg for ukrainske barn, seier Maria Greenberg Bergheim, generalsekretær i Unicef Noreg.

Så langt har 4000 barn blitt drepne eller skada sidan krigen i Ukraina starta, 300 av dei berre i juni og juli.

– Det er ei auking i langdistansevåpen som i mykje større grad treffer sivil infrastruktur.

Maria Greenberg Bergheim, generalsekretær Unicef.
Foto: Frida Wattne Lindland / NRK

Skuler, kjøpesenter, leikeplassar og heimane til folk blir hyppigare treft enn tidlegare.

Derfor har mange institusjonar blitt flytta under bakken.

– Kvardagen til barn er prega av mentalt stress. Både redsel på grunn av aukinga av sivile ofre, men også mangel på søvn fordi det går flyalarmar på nattetid.

– Dette er den mest alvorlege utviklinga i krigen så langt, seier Greenberg Bergheim.

Arbeider med ukrainsk-europeisk missil

Utanriksminister Espen Barth Eide seier at han trur på ei fredsavtale mellom Russland og Ukraina, men at det kan ta lang tid.

– Det er ikkje nok å få til ein eller annan avtale. Den må vere både truverdig og rettferdig.

– Korleis denne krigen ender vil påverke sikkerheita vår, vi som bur i Noreg og alle andre i Europa i mange tiår framover.

Noreg er eitt av landa som bidrar mest økonomisk i Ukrainas krigføring mot Russland.

Zelensjyj i Norge
Statsministeren, forsvarsministeren og utanriksministeren var nokre av dei som møtte Zelenskyj da han var i Oslo under kong Haralds gravferd. Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret / Sindre Fjerdingby Korsviken / Forsvaret

Kvelden før kong Harald si gravferd hadde mellom andre utanriksministeren, statsministeren og norske og europeiske våpenselskap eit møte med Zelenskyj.

– Ukrainas våpenselskap Fire Points arbeider med å utvikle eit ukrainsk-europeisk missil, eit forsvarssystem mot ballistiske missil som ikkje eksisterer i dag, men som faktisk ser ganske lovande ut.

Det ukrainsk-europeiske missilet heiter Freyja.

Ti europeiske land har slutta seg til programmet.

Også norske Kongsberg er involvert i det anti-ballistiske missilprogrammet, Freyja.

Målet er å bygge ei felles europeisk evne til å beskytte seg mot ballistiske missil. Dei er særleg krevjande å stanse fordi dei beveger seg raskt og følgjer ei bratt bane mot målet.

Kongsberg jobbar med kommandosentralen for å integrere dei ulike systema, ifølgje nyheitskjelda Defense News.

Krigen i Ukraina har utvikla seg til å bli ein blodig og kostbar krig.

Ukraina oppgir at 1500 russiske soldatar blir såra og drepne dagleg i krigen.

Eitt av måla til Ukraina er å drepe og såre fleire russiske soldatar enn Russland greier å rekruttere.

– Freyja-programmet er eit eksempel på at Europa og Ukraina prøver å ta saka meir i eigne hender. Fordi denne krigen går nok ikkje over med det aller første, seier Barth Eide.

School children enter an underground school on their first day back, in Kharkiv, Ukraine, Tuesday,
Ukrainske skulebarn på veg ned i tilfluktsrommet på første skuledag 1. september i år. Foto: Andrii Marienko / AP,NTB

Må ta større ansvar for barna

Greenberg Bergheim i Unicef meiner at det er viktig at norske politikarar øyremerker pengestøtta til Ukraina sånn at fleire barn får nytte av dei.

– Dei treng større grad av beskyttelse, og her må Noreg ta inn over seg at krigen har endra seg.

Ho nemner at barna treng psykososial førstehjelp, men at det også er viktig å førebu seg på aggregat, straumforsyning og vassforsyning.

– Vi ser at barna treng denne hjelpa. Det er dei som skal bygge Ukraina i framtida, seier Greenberg Bergheim.