Det vart ein politisk gysar heilt inn på oppløpssida då dei 65 fylkespolitikarane skulle gi frå seg si stemme.
Skulle dei rundt 450 innbyggarane på Atløyna i Askvoll kommune få eit fastlandssamband til rundt 2 milliardar kroner?
Til slutt vart det fleirtal for brua med 43 mot 22 stemmer (sjå faktaboks).
For Erle Kråkenes og Lisa Pomaz betyr brua ein heilt ny kvardag.
– Eg har kjempelyst på bru. Viss du ikkje rekk den siste ferja som går, då må du vente der eller overnatte på hotell, seier Erle Kråkenes.
Dei to jentene har i likskap med resten av innbyggjarane på Atløyna levd med uvisse i lang tid. Det har vore fram og tilbake, ja og nei, mørke skyer og tente håp.
Sjølv om fylkesdirektøren, tenkjetankar og leiarskribentar i bergenspressa har brukt sine aller sterkaste ord for å åtvare mot «milliardsluket», sto fleirtalet av fylkespolitikarane på sitt:
Brua må og skal byggjast.
For jentene handlar brua om fridomen til å vere saman med vener utan å måtte kike på klokka.
– Det blir gøy, for då kan vi heller berre køyre over når vi vil. Slik at vi slepp å vente på det rette tidspunktet, seier dei og utdjupar:
– Viss du er midt i eit besøk og så må du rekke ferja, så må det vere sånn: «Eg må gå». Med bru kan ein berre køyre tilbake når som helst.
Intern splitting og geografisk akse
Ideen om å erstatte ferjesambandet Askvoll–Gjervik med bru oppstod allereie på 70-talet, men det var først etter fylkessamanslåinga i 2020 at prosjektet fekk reell politisk medvind.
Sidan den gong har eksploderande kostnader, galopperande renter og ein stadig trongare fylkesøkonomi sørgt for at brua har vorte skuva på i tid – heilt fram til i dag.
Sjølv om fleire av representantane som tok ordet gjorde eit poeng av at det «ikkje var ein konflikt mellom nord og sør», var det likevel tydelege teikn til at avstemminga braut langs nettopp denne aksen.
– Vi politikarar må lære oss å seie nei, sa Stord-ordførar Sigbjørn Framnes, som representerer Frp på fylkestinget.
Han viste til at fylket sin eigendel har auka drastisk undervegs.
– Når kostnadene stig med 600 millionar kroner, så er grensa nådd for min del. Det gjer eigentleg litt vondt, fordi du stemmer imot noko du faktisk trur på.
Han la til:
– Men vi har eit ansvar for å tenkje på heile Vestland.
– Å få eit kor på øya ville vore veldig bra
Medan partigruppene til Frp, Ap og Sp delte seg på midten, heldt andre rekkene tette.
Åsta Årøen (V) slo fast at Venstre stod samla bak prosjektet, og Høgre flagga også eit klart ja.
Elias Eide (H) gjekk hardt ut mot «forvirringa rundt dei økonomiske tala», og harselerte med forslaga om å bruke samferdselsmidlane på andre tiltak:
– Det kom til dømes eit forslag om at vi kunne bruke det på kor på Atløy, for det hadde jo vore veldig fint.
– Og jau då, å få eit kor på øya ville vore veldig bra. Men det er jo ikkje sånn at du kan bruke ferjeavløysingsmidlar på kor, sa han, tydleg oppgitt.
Tårer etter 27 år: – Eg har gått her som ein narr
På Atløyna vert det økonomiske argumentet snudd på hovudet. Der argumenterer dei med at fylket i tiår har aust ut millionar i bortkasta ferjesubsidiar.
For bygdefolket og Høgre-ordførar Ole André Klausen handlar vedtaket om å flytte skattepengar frå dyr og flyktig drift over til ein varig verdi som vil løne seg på sikt.
– Dette har vore ein utruleg kamp over mange år, faktisk over fleire generasjonar, seier Arild Magne Olset i Atløy Vels samferdselgruppe.
– Etter 27 år med å gå her som ein narr og arbeide for dette, så er det jo heilt forløysande. Det er klart overveldande.
Kona Toril fortel om ein beinhard kvardag der kampen for brua har prega heile familielivet i nesten tre tiår:
– Det har vore til tider ganske krevjande. Arild har måtta setje familieliv og alt til sides for å jobbe fram den brua. Eg trur ikkje eg har tal på alle telefonar og e-postar han har måtte svare på medan vi har vore på badestranda i Kroatia, eller på ferie i Danmark og Sverige.
Fem år med ventetid
Sjølv om det endelege ja-ordet kom i dag, er ikkje ferjekaia historie med det fyrste.
Jentene på øya er fullt klare over at dei vaksne brukar tid, og at bygginga vil ta nokre år.
– Eg synest det blir litt kjedeleg å vente. Eg vil på ein måte berre ha eit svar. Det tek lang tid å lage brua. Det blir kanskje fem år før den blir ferdig, seier Lisa.