En mann med skjegg og dressjakke ser til siden. En annen person i mørke klær er delvis synlig i forgrunnen. Bakgrunnen er uskarp og viser et moderne interiør. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
OPPRØRT: Helse- og omsorgsminister, Jan Christian Vestre sier ingen skal risikere å miste synet på russefeiring. Fotografi: Lars Martin Hunstad / NRK

I dag skrev NRK om Marianne Lucia Hansen, som fekk ein permanent augeskade av laserlys på russetreff.

Førre veke mista ein russ på Sørlandet synet som følge av det same.

Helse- og omsorgsminister, Jan Christian Vestre reagerer.

– Desse sakene opprørar meg. Ingen skal måtte risikere å miste synet sitt på ei russefeiring, skriv Vestre på e-post til NRK.

Krev innstramming

No vil ministeren stramme inn på reglane.

– Eg kjem innan veldig kort tid til å sende eit oppdrag til Direktoratet for strålevern og atomtryggleik.

Der vil han be dei om å gjennomgå eit forslag om å stramme inn regulering av lasere og sende dette ut på høyring.

– Det er tydeleg at bruk av lasere bør verte stramma inn. Det gjeld handheving av eksisterande regelverk, men også ytterlegare innstramming, skriv Vestre.

DSA vil stramme inn

Og direktoratet har sjølv tatt til orde for ei innstramming av reglane.

Faktisk gjorde dei det alt i 2021.

Fem år seinare har dei ikkje fått nokon tilbakemelding. Saka er fortsatt til behandling i departementet.

– Det var midt under pandemien og oppfølging av forslaga ble derfor ikkje fulgt opp på grunn av manglande kapasitet, skriv Helse- og omsorgsdepartementet i ein epost til NRK.